– Kjærleik ved første blikk

TREFTE KVARANDRE PÅ STRANDA: Greske Antonio trefte Irene då ho var på ferie på Kreta. Eg fanga blikket til Irene, og følte med ein gong at det var noko spesielt mellom oss, seier han.ALLE FOTO: Irene Bratteng Jenssen

TREFTE KVARANDRE PÅ STRANDA: Greske Antonio trefte Irene då ho var på ferie på Kreta. Eg fanga blikket til Irene, og følte med ein gong at det var noko spesielt mellom oss, seier han.ALLE FOTO: Irene Bratteng Jenssen

Artikkelen er over 4 år gammel

Greske Antonio var på stranda saman med kompisar då han såg norske Irene for første gong. Han gjekk bort og prikka ho på skuldra, og deretter gjekk det slag i slag. No har dei vore gift i 31 år.

DEL

Antinio Tripodianos var berre 24 år den gongen, og fast bestemt på at han aldri i livet skulle gifta seg.


– Eg såg fem bleike jenter på stranda, og skjønte difor at dei ikkje hadde vore på Kreta særleg lenge. Eg sa til kompisane mine: Dei må vi prata med! Eg fanga blikket til Irene, og følte med ein gong at det var noko spesielt mellom oss, fortel han.


Irene vart sjenert og la seg ned for å sola seg, men Antonio gav seg ikkje så lett. Han gjekk bort til venninnegjengen frå Nordhordland, og prikka Irene på skuldra. Dei to tok ein drink i strandbaren, og same kveld inviterte Antonio jentegjengen til pizzarestauranten han jobba på. Etter den dagen var det berre ei jente i Antonio sitt liv.

LES OGSÅ: Ville ikkje flytta, men hoppa i det

Reiste med tog til Bergen

Etter to veker var ferien over for Irene, og ho reiste tilbake til Norge. Antonio hadde lova at han skulle koma å besøka ho.


– Eg held alltid ord, så eg jobba som pokker, slik at eg fekk spart opp nok pengar til å reisa nokre månader seinare.


Sidan Antonio aldri før hadde vore utanfor Hellas sine grenser, hadde han avtalt å reisa saman med ein kompis. Då dei to hadde komme på toget, sa konduktøren at han ikkje kunne vare med, fordi han ikkje hadde fullført militæret.


– Eg hadde aldri reist så langt åleine før, men eg hadde jo lova at eg skulle besøka Irene, så eg tenkte: la gå, eg drar!


Og slik vart det. Nokre dagar seinare nærma toget seg Bergen. Det var haust, og naturen baud på spektakulære fargar.


– Eg sat med ansiktet klistra til ruta, og var heilt oppslukt av den vakre, norske naturen. Eg tenkte eg hadde komme til eventyrland.

LES OGSÅ: – Norge er vårt andre heimland

Gifta seg i fjellandsby

Det nyforelska paret besøkte kvarandre så ofte dei kunne, og hold kontakt via telefon og brevveksling. Sommaren etter at dei møttest for første gong, gifta deg seg i fjellandsbyen «Kalogerou», kor Antonio kjem frå.


– Det vart ein storslegen bryllaupsfest med over 400 gjester, Alle i landsbyen fant fram alt av bord og stolar, som vart plassert langs dei smale gatene. Vi åt 12 sauer og to griser, og festa til langt på natt.

LES OGSÅ: – Kjekt å snakka norsk

– Går så det ljomar etter

Kort tid etter bryllaupet flytta Antonio til Norge, og i løpet av sine 31 år, har han lagt til seg ei sjarmerande striledialekt, med gresk aksent.


– Irene lærte meg alfabetet, og i løpet av åra har eg vorte betre og betre. No går det så det ljomar etter, smiler grekaren, som har jobba som medeigar i eit tømrarfirma dei siste 15 åra.


Han og Irene har fått tre barn, og eit barnebarn.


– Eg kan ikkje sei anna enn at eg har det veldig bra!

Artikkeltags