Spansklæraren Manuel flykta frå den politiske situasjonen i Chile, og fekk eit betre liv i Norge: – Grusomt å sitta i fengsel

ER LÆRAR: Manuel er spansklærar på Knarvik VGS og Knarvik ungdomsskule. – Det kjempegøy å læra bort eit språk. Eg føler eg har så masse å gje! For meg er det viktig å få god kjemi med kvar enkelt elev.

ER LÆRAR: Manuel er spansklærar på Knarvik VGS og Knarvik ungdomsskule. – Det kjempegøy å læra bort eit språk. Eg føler eg har så masse å gje! For meg er det viktig å få god kjemi med kvar enkelt elev.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I 1986 kom Manuel til Norge som politisk flyktning. – Å oppleva fridom og å verta respektert, vart som å bli født på ny, seier han. No jobbar han som spansklærar og elskar jobben sin.

DEL

Militærkuppet i Chile i 1973 førte til at familien til Manuel Gomez Toledo vart overvaka.


– Fordi vi var ein politisk aktiv familie, vart vi overvaka heile tida. Alt vi gjorde vart lagt merke til. Sjølv om eg visste det var farleg, bestemde eg meg for å selja brukte klede, for å samla inn pengar til politiske fangar.


Dette skulle han verta straffa hardt for; den då 19 år gamle chilenaren, vart tatt av militæret og sendt i fengsel for det han hadde gjort.


– Det var hardt å sitta åleine på ei trong, lita celle som ungdom. Eg fekk masse juling, fortel han.


– Det var ein periode vanskeleg for meg å prata om det, men no har det gått så lang tid, at det går fint.

LES OGSÅ: – Kjærleik ved første blikk

Heldt tett

Manuel vart behandla stygt i fengselet, og vart fleire gangar banka og stilt til veggs.


– Eg hugsar dei tok meg inn til avhøyr, der dei stod rundt med våpen. Eg ville ikkje at mine kompisar, som også hadde vore med på å samla inn pengar til politiske fangar, skule verta straffa, så eg hald tett og sa ingenting om kva vi hadde gjort.


Etter 15 harde dagar i fengselet, slapp Manuel ut med skrekken. Hans bror søkte politisk asyl i Norge, og Manuel, som då var ferdig utdanna lærar, fekk jobb på landet.


– Eg heldt fram å verta overvaka heile tida.


– Det var utruleg vanskeleg og plagsamt, dei såg alt eg gjorde. Då eg og nokre andre lærarar forsøkte å starta opp ein fagforeining, vart eg fanga av militæret på gata. Det tok ei hette over hovudet på meg, og gav med juling. Eg tenkte at «no er eg ferdig!»

LES OGSÅ: Ville ikkje flytta, men hoppa i det

– Som å verta fødd på ny

Etter den siste hendinga med militæret bestemte Manuel seg for at nok var nok. Han klarte ikkje å leva slik lengre – å frykta for livet og stadig vera redd. Han søke politisk asyl i Norge, og fekk koma til Norge i 1986.


– Det var trist å forlata landet mitt, men eg hadde ikkje noko val – eg måtte vidare i livet.
Manuel synest det var fantastisk å koma til Norge, det å verta akseptert av andre menneske var nytt for han.


– Norge er eit fritt land, det å oppleva det var som å verta fødd på ny. Å kunne si meininga si utan å verta fengsla var godt.

LES OGSÅ: – Norge er vårt andre heimland

Vil bu i Norge

No har Manuel budd i Norge i 29 år og jobbar som spansklærar på Knarvik VGS og Knarvik ungdomsskule. Sjølv om han ein periode reiste tilbake til Chile for å bu der, føretrekker han Norge.


– Eg er veldig glad i Norge, og ikkje minst er skulesystemet mykje betre enn i Chile. Her vert ein respektert som profesjonell, og ein får tid til kvar elev. Det er noko av det eg synest er det flottaste med Norge.


Chilenaren, som er lærar i morsmålet sitt, brenn for jobben, som han elskar.


– Det kjempegøy å læra bort eit språk. Eg føler eg har så masse å gje! For meg er det viktig å få god kjemi med kvar enkelt elev, er det god stemning på klasserommet og mellom oss, lærer dei også betre og fortare, seier energiske Manuel.

Artikkeltags