Thailandske Nussanat og dottera Jenjira elskar dei norske årstidene: Dyrkar grønsaker i hagen

TRIVST PÅ KJØKKENET: Nussanat og Jenjira liker å laga mat, og bruker grønsaker dyrka i eiga hage. – Det beste eg veit er steikt laks, fortel Jenjira (18). alle foto: Irene bratteng jenssen

TRIVST PÅ KJØKKENET: Nussanat og Jenjira liker å laga mat, og bruker grønsaker dyrka i eiga hage. – Det beste eg veit er steikt laks, fortel Jenjira (18). alle foto: Irene bratteng jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Norge er eit flott land å bu i, og kvar av dei fire årstidene er fantastiske, seier Nussanat, som gifta seg og tok med dottera si, Jenjira, til Norge for tre år sidan.

DEL

Nussanat og dottera Jenjira (18) kjem frå ein liten landsby i Thailand, eit stykke frå Pattaya. Før dei kom til Norge, budde dei saman med onklar, tanter, fetre og kusiner – saman levde av rismarkane sine. I 2007 møtte Nussanat sin norske mann, Øystein, som ho i 2011 gifta seg med.
 

– Sjølv om det er stor forskjell på kulturen i Thailand og Norge, følte eg meg veldig velkommen her. Eg hugsar at eg vart heilt vill då eg såg snø før første gong, ler Nussanat.
 

Nussanat, som berre er van med ei årstid, syntest det var utruleg spesielt og spanande med fire ulike årstider.
 

– På sommaren kan det verta veldig varmt, medan på vinteren er det bitande kaldt. Eg elskar dei fine fargane som kjem fram på hausten, og våren er flott med blomar og grøne tre.
 

Dyrkar eigne grønsaker

Det thailandske folkeslaget er veldig glad i grønsaker, og i hagen rett utanfor huset på Dalstø har Nussanat ein eigen grønsakhage kor ho dyrkar alle slags grønsaker som ho bruker i matlaginga.
 

– Vi har så mykje poteter, at vi har nok året rundt, seier Nussanat, som trivst godt på kjøkkenet. Ho lagar alt frå raspeballar og kjøtkaker til mat frå heimlandet.
 

Vart vill etter snøen

Det første året Nussanat budde i Norge, vart ho heilt fasinert over snøen.
 

– Då eg såg snø for første gong vart eg heilt vill. Kvar helg køyrde vi til fjellet, eller stader med snø, slik at vi kunne få oppleva det på nært hald. Eg elska det, og det gjer eg framleis, seier Nussanat.
 

I fjor gjekk ho og Jenjira på ski for første gong, noko som falt i smak hjå dei begge.
 

– Vi var i Dyrkolbotn og gjekk på ski dagen lang ei heil helg. Då vi kom heim var vi så stive i musklane, at vi nesten ikkje kom oss opp trappa, ler dei to.
 

Men det skremde dei ikkje frå å gjera det igjen.
 

– Vi skal gå på ski i år også, i påska skal vi nemleg til Opheim, der skal vi gå på ski kvar dag!
 

Sjølv om dei begge trivst i Norge, vert saknet av familien i Thailand nokon dagar stort.
 

– Heldigvis har vi Facebook og Skype. Vi pratar med venner og familie kvar dag, noko som gjer at saknet vert litt mindre, seier Nussanat og Jenjira.

Artikkeltags