Rumenske Jonella er kritisk til landsmenn som kjem til Noreg for å tigga: – Dei må tena eige pengar

PÅ SKULEN: Jonella synest det er kjekt å gå på skulen. – Det er litt vanskeleg å læra seg norsk, men eg veit eg klarer det, seier ho.

PÅ SKULEN: Jonella synest det er kjekt å gå på skulen. – Det er litt vanskeleg å læra seg norsk, men eg veit eg klarer det, seier ho.

Artikkelen er over 4 år gammel

Jonella og familien kom til Norge for å få eit betre liv og større fridom. – Eg håper at mine to barn får seg utdanning og god jobb i Norge, seier ho.

DEL

Då Jonella tok med seg sine to soner til Frekhaug for seks år sidan, hadde mannen hennar, Gabriel, allereie budd der i to år.


– Han er murar og har starta eigen bedrift her i Nordhordland. Han liker å jobba, og arbeider ein del overtid, fortel ho.


Sjølv jobba Jonella for nokre år sidan i Rognaldsen bakeri på Lindås, men har dei siste åra vore utan jobb, grunna prolaps i ryggen. Men ho er på ingen måte ikkje interessert i la helsa ta «knekken» på seg. No er Jonella snart ferdig med grunn-skulen, og begynner til hausten på vidaregåande skule i Åsane, kor ho skal utdanna seg til å verta apotekteknikkar.

Liker å prata norsk

Jonella pratar godt norsk, men ser from mot å verta enno betre.
– Det kan nokon gangar vera litt vanskeleg med språket, norsk er jo ganske annleis frå mitt språk, men eg veit eg klarer det, seier ho optimistisk.

LES OGSÅ: – Vi fekk ein ny start i Norge


Heime pratar dei rumensk, men Jonella synest det er kjekt å øva seg.
– Det er flott når folk pratar norsk med meg, for då får eg god øving, seier ho.

Liker ikkje tigging

Jonella og mannen hennar er hardarbeidande menneske, og flytta til Norge for å få større økonomisk fridom.
– Ein tener lite i Romania, i forhold til Norge. Her tener vi såpass bra at vi kan ta oss rå til det vil ønsker å kjøpa, seier ho.


På spørsmålet om kva ho synest om rumenarar som kjem til Norge for å tigga, er ho klar.
– Det synest eg ikkje noko om. Eg synest dei skapar eit dårleg bilde av korleis rumenar er.


Jonella meiner dei må skaffa seg skikkelege jobbar, slik at dei kan tena eige pengar.
– Det er viktig at folk forstår det er stor forskjell på dei og oss, som ønsker å jobba hardt og bidra til samfunnet. Eg håpar nordmenn ser annleis på oss enn dei som tiggar, seier ho.

– Håpar dei får utdanning

Jonella har to soner på 14 og 3 år. Ho håper at også dei vil skaffa seg utdanning og ein god jobb i Norge.
– Dei må sjølv få lov til å bestemme kva dei ønsker å bli, men vi skal oppfordra dei til å gå på skulen, seier ho.


Jonella og familien leiger ein einebustad på Frekhaug, og har kjøpt seg eigen bil.
– Vi liker kjensla av å klara oss sjølv. Alle våre venner frå Romania har jobb og tener eige pengar. Det synest eg er bra, seier ho.

– Regner mykje

Kvar sommar tek Jonella med seg familien til Romania, for å besøka slektningar. Sjølv om ho trivest godt på Frekhaug, er det éin ting ho saknar.
– Eg synest det regner litt vel mykje her, så eg saknar det varme vêret vi har i Romania på sommaren. Det er difor ekstra godt vera der ein gong i året. Da er vi i det minste sikra varme på kroppen, smiler ho.


Sjølv om ho til tider saknar familien i Romania, har dei foreløpig ingen planar om å flytta tilbake.
– Vi har det veldig godt og fint her. Eg ønsker berre det beste for mine barn, og eg trur det beste for dei er å vaska opp på Frekhaug, seier ho.

LES OGSÅ: – Kjekt å få visa fram kulturen vår

Artikkeltags