Ville ikkje flytta, men hoppa i det

KREATIV: Renata Baklanove frå Litauen lager eigne smykke og øyredobbar

KREATIV: Renata Baklanove frå Litauen lager eigne smykke og øyredobbar

Artikkelen er over 4 år gammel

Renata frå Litauen var skeptisk då mannen foreslo å flytta til Norge. Etter ei veke på ferie, bestemte ho seg for å ta sjansen. No har dei budd i Nordhordland i 5 år.

DEL

–Mannen min hadde fått tilbod om å jobba på Mongstad. Eg vart eigentleg litt sur då han spurte om eg ville flytta til Norge, for eg syntest vi hadde det greitt i Litauen, seier Renata Baklanove, medan ho ler.


– Eg skal innrømma at eg eigentleg ikkje hadde så lyst, men eg gjekk med på å reisa til Nordhordland og Bergen, for å sjå korleis det var her, før eg bestemte meg.

LES OGSÅ: – Norge er vårt andre heimland

- Kanskje det var skjebnen


Ho vart trollbundne av den norske naturen, og ikkje minst Bergen.


– Bryggen minna meg om byen vi kjem frå, som heiter Klaipeda. Eg syntest det var heilt fantastisk. Vanlegvis pleier eg å tenka meg lenge om før eg bestemmer meg for noko, men eg syntest det var så fint i Norge, at eg bestemte meg fort. Eg tenkte: Eg er klar for utfordringar, kvifor ikkje?


I tillegg dreiv Renata på det tidspunktet ein baderomsbutikk i Litauen. Ho merka den økonomiske krisa i Europa godt, og visste at det kom til å gå dårleg med bedrifta i framtida.


–Eg har tenkt i ettertid at det kanskje var skjebnen at mannen min fekk jobbtilbodet. Vi hadde ingenting å tapa på å flytta.


I 2009 drog Renata frå Litauen til Lindås, saman med mannen og sonen deira. I byrjinga synest ho det heile var som ein draum.


– Naturen gjorde stort inntrykk på meg, eg syntest det var utruleg vakkert her.

LES OGSÅ: – Kjekt å snakka norsk

Hadde privatlærar


Det som uroa Renata mest, var korleis det skulle gå med språket. Ho er utdanna psykolog og pedagog, og hadde eit stort ønske om å kunne jobba med noko ho er kvalifisert til å gjera.


– Eg hadde ikkje lyst til å jobba som reinhaldar, eller liknande, eg ville bruke utdanninga mi. Eg visste at eg måtte læra norsk, for å kunne få meg ein skikkeleg jobb, difor var eg ivrig på å koma i gang.


Ho starta på norskkurs, men måtte avslutta etter eit halvt år, fordi ho vart gravid og etter kvart fekk sin andre son. Men sjølv om ho hadde vorte tobarnsmamma, og var mykje heime åleine, sidan mannen jobba, var ho fast bestemt på å læra seg norsk.


– Eg fekk ein privatlærar, som hadde timar med meg når eg hadde tid. Eg leste og ein del på eiga hand, og følte etter kvart at eg beherska språket godt.

- Fangar stadig opp nye ord


– Eg hugsar spesielt godt ein episode då vi skulle på foreldremøte i barnehagen. Eg gjekk dit ved godt mot, og trudde eg kom til å forstå det aller meste. Det var som om lufta gjekk ut av ein ballong; eg forstod nesten ingenting – eg hadde lært bokmål, ikkje nynorsk. Det var mange ord eg ikkje forstod, og eg vart heilt sveitt der eg sat.


No, etter fem år i Nordhordland, har Renata vorte god i norsk, og forstår også nynorsk.


– Eg fangar stadig opp nye ord, og lærer noko nytt heile tida. Nynorsk er noko som må øvast på, men viss ein trenar og pratar med andre, vert ein betre og betre.

LES OGSÅ: – Deilig å vera dansk i Norge

Søkte tallause jobbar


Renata har heile tida vore bestemt på å skaffa seg ein jobb, der ho kan bruka utdanninga si. Det har vore enklare sagt enn gjort.


– Eg har gått glipp av mange jobbar på grunn av etternamnet mitt. Eg har søkt tallause jobbar, men trur mitt utanlandske namn har stoppa mange i å kalla meg inn på intervju. Eg synest det er synd at det er slik, for eg meiner sjølv eg har vore godt kvalifisert til fleire av jobbane eg har søkt på.


Ho har jobba som ringevikar på Lindås barne-skule ei god stund, men for to månader sidan fekk ho eit vikariat som SFO-leiar på Seim skule.


– Eg vart veldig glad då eg fekk innkalling til intervju, men trudde ikkje det skulle gå vegen. Eg har vore skuffa så mange gonger før, men denne gongen gjekk det bra! Eg trivest kjempegodt, og føler eg har mykje å bidra med.

LES OGSÅ: – Vi fekk ein ny start i Norge

Kreativ


Kvardagane med to barn går i eitt, men for å kopla av let Renata kreativiteten blomstra.


– Eg er glad i å laga smykke og øyredobbar, og lagar både til meg sjølv og andre. Eg pleier å vera med på julemesser, og der sel eg ein del av det eg lagar.


Renata er også kreativ når det kjem til hus og heim, og driv med «dekopasj», som er ein dekorasjonsteknikk der motiv vert rive ut frå mellom anna serviettar, og limd på gjenstandar til pynt.


– Eg liker å laga ting, og gje gamle møblar eller gjenstandar nytt liv, seier den kreative litauaren.

Artikkeltags