Onsdag 17. mars blir to rundturar med MF Fedjebjørn innstilte.
Årsaka er ei undersøking av ferja sitt skrog som må gjennomførast innan laurdag 20. mars, opplyser Fjord 1.
Onsdag klokka 0950 går ferja frå Sævrøy, og legg til ved Fedje for å gjennomføre arbeidet.
Følgande rundturar vil bli innstilte:
Frå Fedje 1030 frå Sævrøy 1110.
Frå Fedje 1150 frå Sævrøy 1230.
Ferja er tilbake i normal drift frå 1310-avgangen frå Fedje.

Les også
Fedje-destilleriet planlegg å lansere ein ny gin og akevitt i løpet av året

Les også
Fedje-ordføraren om vaksinefordeling: – Dei med best kompetanse må bestemme

Les også