Innbrot i to fritidsbustader: – Bør sjå til kvarandre sine hytter

Lokal innbyggjar oppdaga at dører og vindauge sto opne i to fritidsbustadar.

DEL

– Politiet fekk melding tysdag ettermiddag i 14-tida om at det hadde vore innbrot i to hytter på Ånneland i Gulen, seier etterforskningsleiar ved Nordhordland lensmannskontor, Glenn Ulrik Våge, til Avisa Nordhordland.

Ein lokal innbyggjar observerte at dører og vindauge stod opne i to fritidsbustadar. Han kontakta eigarane av hyttene før politiet fekk melding om saka.

– Vi veit ikkje nøyaktig kva som skal ha skjedd enno. Politiet er på staden saman med eigarane no, seier Våge like over klokka 11 onsdag formiddag.

Det er uvisst om noko er stole.

Fleire innbrot

Det har den siste tida vore fleire liknande innbrot i Gulen.

– Vi må sjå om det er ein samanheng mellom dei innbrota som har skjedd, seier etterforskingsleiaren.

Han fortel at det er viktig at ein tek direkte kontakt med politiet når ein oppdagar innbrot.

– Det er viktig at ein ikkje går inn på åstaden. Det øydelegg viktige spor for politiet, seier Våge.

Han held fram:

– Ein åstad som er urørt er klart best.

– Bør snakke saman

– Er det noko tiltak hytteeigarar kan gjere for å sikre seg mot innbrot?

– Det er vanskeleg å gje tips. Hyttene skal i utgangspunktet få stå i fred. Det er ingen som skal drive å ta seg inn i dei, seier Våge.

Han oppfordrar folk til å snakke saman.

– Sjå gjerne til kvarandre sine hytter når ein først er der. Vidare bør også lokalbefolkninga følge med.

Artikkeltags