Regjeringa opna denne veka for at kommunane kunne vurdere å endre rekkefølga på vaksineringa, for at tilsette i skular og barnehagar skulle få komme før i vaksinekøen.
– Dette er ikkje nødvendig hos oss, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø i ei pressemelding frå Alver kommune.
Ho held fram:
– Med dei leveransane FHI har varsla gjennom sommaren, vil alle innbyggjarar i Alver som er født i 2003 og tidlegare få tilbod om første dose før skulane startar att i august.
Har kome langt
Sjølv om Alver kommune ikkje må endre vaksinekøen, må dei likevel gjere nokre justeringar i vaksineplanen sin. Dette grunna dei siste prognosane om leveransar i sommar.
– Vi får færre dosar enn tidlegare meldt i veke 27 og 28, og må difor flytte ein del som har fått time til dose 1 i desse vekene. Vi tar kontakt med alle dette blir aktuelt for, med tilbod om nytt tidspunkt, fortel kommuneoverlegen.
Kommunen har 2000 ekstra dosar med Pfizer-vaksine grunna helsepersonellet som klarar å få ut ein ekstra dose frå mange av hetteglasa. Dette er ein av grunnane til kvifor alle over 18 er planlagt å vere ferdig vaksinert før skulestart.
– Vi har kome langt med vaksineringa i Alver, seier ho.
