Ingen besøk på sjukeheimane

I tråd med føringane frå FHI, har sjukeheimar og omsorgsbustader stengt dørene for gjestar.

DEL

14. mars publiserte Helsedirektoratet nye føringar om "Adgangskontroll og besøksstans i landets helseinstitusjonar. Grunna koronasmitta, samt desse nye retningslinjane, har fleire av sjukeheimane i Nordhordland stengt for gjestar.

  • I tråd med dette vart det frå mandag 16. mars stengt for besøk på sjukeheimen Nordliheimen på Austrheim. Dette for å unngå smittespreiing blant dei med auka smitterisiko og eventuelle andre sjukdomsforløp.
  • Også sjukeheimen i Masfjorden stengte for gjestar 15. mars. I første omgang gjeld dette i 14 dagar. "Me vil vurdere spesielle situasjonar der det kan være aktuelt å besøkje sine næraste, ta då kontakt pr tlf på førehand. Og skulle det være noko du som pårørande treng informasjon om, ringjer me deg sjølvsagt", skriv kommunen.
  • I Alver er det innført besøksstans ved sjukeheimar og bemanna omsorgsbustader. Besøksstans til brukar sin leilighet i omsorgsbustad vert basert på dialog med brukar og pårørande. I særskilte høve kan det gjerast unntak frå besøksstans. Ta kontakt med avdelinga for å avtala.

  • Gulen kommune har fire bu- og omsorgssenter der ein del av omsorgsbustadane er av ei slik byggteknisk utforming at brukaren ikkje kan stelle seg mat sjølv, og fellesarealet vert nytta til fellesmåltid. Helsetilstanden til brukarane er og av ein slik art at dei høyrer inn under gruppa dei mest sårbare i samfunnet. For å presisere helsetilstanden har mange av brukarane i praksis heildøgnsomsorg. Med bakgrunn i desse omsyna vil Gulen kommune også stenge omsorgsbustadane, sjølv om dei er definerte som private heimar, for alle besøkande, også inkludert pårørande, frivillige hjelparar og andre som leverer tenester og bidreg med aktivitetar på bu- og omsorgssentera. Dersom det er heilt spesielle omsyn, og nye retningslinjer medfører vanskar, må pårørande kontakte einingsleiar for nærmare dialog og avtale. Desse vart stengt for gjestar frå 17. mars.

Artikkeltags