Gå til sidens hovedinnhold

Ingeborg Skagenes til minne

Ingeborg Skagenes døydde torsdag 19. november, 95 år gamal. Ingeborg var motstandshelt frå andre verdskrigen. Bortgangen hennar lukkar eitt av dei siste blada i boka om tidsvitna frå den stolte motstandshistoria på Radøy.

MINNEORD: Ingeborg var fødd og oppvaksen på garden Skageneset nord for Manger, der heile familien vart sterkt involvert i motstandskampen. Frå 1943 vart Skageneset gøymestad for menneske som måtte flykta landet frå nazistane, dei fleste frå Bergen. Det var mora, Dorthea, som tok avgjerda om å stilla til teneste då ho vart spurt, men både Ingeborg og broren Nils vart sterkt engasjerte i arbeidet, som ville medført tortur og dødsstraff om det vart oppdaga. Dorthea Skagenes vart kåra til århundrets Nordhordlending av lesarane i avisa Nordhordland for motstandsinnsatsen. Dorthea sa det enkelt, men sterkt, då ho vart spurd om kvifor dei tok på seg dette farefulle oppdraget: «Me kunne ikkje la vera å hjelpa»,- sterke ord til ettertanke den dag i dag!

Familien hyste over 100 menneske i det vesle huset fram til dei vart rodd til Øygarden og vidare til Skottland med Shetlandsgjengen.

Den farefulle innsatsen måtte ikkje røpast, og familien kjøpte m.a. brød på tre ulike butikkar for ikkje å vekkja mistanke. Ingeborg hadde ofte desse oppgåvene. I tillegg rodde ho til Mangersvågen og henta flyktningane, som kom med båten frå Bergen. Det var tyske vakter på kaien, og Ingeborg avleia mistanken ved å vinka og smila til dei, noko som også skremde flyktningane. Innsatsen som ei rekkje menneske på Radøy gjorde desse åra var krevjande og farefull, og er dokumentert i fleire bøker.

Radværingane har vore flinke til å formidla forteljingane om motstandskamp og krigsinnsats, og Ingeborg har vore fast innslag på årlege markeringar, og såleis vore eit viktig tidsvitne for yngre slekter. Ho var fast innslag på 17.maimarkeringa på Ragnhildhaugen på Vågenes like til i fjor.

I 1995 vart det avduka minnesmerke i Skageneset, med både ordførar, sivile og militære gjester tilstades. Det var ein viktig heider til Ingeborg og familien, og ei påminning for verdien av å stilla opp for medmenneske under okkupasjonen.

I 2009 var Kongeparet på fylkesbesøk i Hordaland. Dette vart avslutta på Radøy, med mottaking om bord på Kongeskipet for ti gjester frå kvar av kommunane dei vitja. Ingeborg var ei av desse, og HM Kong Harald var orientert om henne. Ingeborg har som kjent hatt svekka syn ei tid, så eg var «anstand» for henne om bord. Etter ei tid kom Kongen bort og spurte om ho var Ingeborg Skagenes, og dei to hadde ein lengre og hjarteleg prat, og Kongen gav varmt uttrykk for takksemda over innsatsen under krigen. Då praten var over, sa Ingeborg;- «No fekk eg takka vår!». Då kjende eg på tårene på hennar og familien sine vegne.

Ingeborg budde lenge i Bergen, men flytta etterkvart heimatt til Manger. Her var ho kjend og kjær i bygda. Ho var fast innslag på ulike kulturarrangement, og med hennar imøtekomande vesen, hadde ho lett for å koma i snakk med folk, og ho hadde mange som hjelpte seg med køyring til og frå. Under frigjeringsjubileet i 2015, fekk omsider Ingeborg minnemedaljen, noko som rørte henne djupt.

Endeleg var det ein stor dag for henne, då ho i fjor fekk båtskyss heim til Skageneset på den offisielle opninga av det nyrestaurerte huset, som i dag er kystleihus i friluftsområdet i regi av Bergen og omland friluftsråd. Mange radværingar fekk snakka med ei opplagt kvinne denne vakre vårdagen.

Me minnest Ingeborg i største takksemd med hennar eigne ord, ho sa ein 17.mai: «Me må aldri gløyma krigen, men stilla opp for menneskeverdet kvar dag».

Radøysamfunnet lyser fred over Ingeborg Skagenes sitt minne.

Kommentarer til denne saken