4,6 millionar kroner i statleg støtte til lokale næringshagar og inkubatorar

Børge Brundtland og Industriutvikling Vest har fått 1,5 millionar kroner i støtte.

Børge Brundtland og Industriutvikling Vest har fått 1,5 millionar kroner i støtte. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

– Etter innføringa av meir målretta tilskotsmodellari 2016 har vi opplevd rekordresultat innanfor både inkubasjons- og næringshageprogrammet. Vi har store forventningar til at reviderte tilskotsmodellar og auka samla programtilskot ytterlegare vil forsterke denne utviklinga, seier Kjerstin Spjøtvoll, direktør innovasjon i Siva i ei pressemelding.

I 2015 var det totalt 2 864 bedrifter som tok imot hjelp innanfor programma, mens det i 2017 var 4 000.

Dei har nyleg delt ut millionar av kroner i støtte til næringshagar over heile landet. To næringshagar i Nordhordland får til saman 3,1 millionar kroner. Gulen og Masfjorden Næringshage får 1,7 millionar kroner og Nordhordland Næringshage får 1,4 millionar kroner. I tillegg til dette får Inudstriutvikling Vest 1,5 millionar kroner.

Her får Motitech sjekk på fleire hundre tusen kroner

I 2018 har Siva evaluert og justert kriteria som inkubatorane og næringshagane evalueres etter, samt videreutviklet tilskuddsmodellene med nye nivå og beløp per nivå. Hensikta er at programma skal bli enda meir effektive og bidra ytterlegare til utvikling og omstilling av norsk næringsliv. Totalt vil Siva de kommande årene utbetale om lag 164 mill. kroner årlig i tilskot, fordelt på 35 inkubatorar og 40 næringshagar, innanfor programma.

Artikkeltags