Ikkje øydelegg bygdene våre med E39!

På Åse er der tre generasjoner som bur og arbeider på garden. Her frå slåtten i 2019. Ludvig Aase t.h, Nicholas Aase, medan Arild Aase tar bildet".

På Åse er der tre generasjoner som bur og arbeider på garden. Her frå slåtten i 2019. Ludvig Aase t.h, Nicholas Aase, medan Arild Aase tar bildet". Foto:

Av

Arbeidet med utgreiing av ny E39 gjennom Nordhordland er no i gang att, etter 3-års pause. Statens vegvesen utgreier no trasear på oppdrag frå gamle Lindås kommune. Fleire av dei er svært konfliktfylte. I nye Alver kommune er det få av politikarane som kjenner til godt til saka. Til hausten skal dei bestemme; kva bygder som får leve og kva bygder som vert øydelagde for all tid.

DEL

Me som bur på Isdal og Åse har hatt mange søvnlause netter over dei alternative trasévala for E39 som no er under utgreiing av Statens vegvesen. To av traséane mellom Knarvik-Hjelmås er lagt i dagen med 4-felts motorveg tvers gjennom Isdal og Åse, med store øydeleggingar for bygdene våre. Traséane gjennom Isdal-Åse har stor grad av konflikt i silingsrapporten til Statens vegvesen, men er likevel teke med vidare iutgreiingsarbeidet.

Det er forståeleg at politikarar i gamle Meland og Radøy ikkje har satt seg godt inn i saka tidlegare, då den berre har vore behandla i Lindås kommune. Det er difor viktig at fleire sett seg inn i denne saka NO, FØR prosessen kjem så langt at det skal takast avgjerder i denne saka.

Det er NO traséane vert utgreia, og det er NO det er mogleg å gjere endringar, og sørge for at det vert utgreia alternativ som ikkje knuser alt. Tilhausten når ein skal velje trasé, er det for seint. Då er det berre mogleg med «avbøtande tiltak».

Bygdene Isdal og Åse

Isdal er eit av dei få attverande klyngetuna på Vestlandet, og kanskje det einaste der det fortsatt bur folk og ikkje er museum. Den historiske Trondhjemske postveg går rett gjennom tunet her. Fornminne syner at her har budd folk i over tusen år. Me viser til Omsynssone for kulturmiljø og kulturminne (H570) i Kommunedelplan Knarvik - Alverstraumen, som dekkjer heile Isdal.

Både Isdal og Åse har store, lettdrivne landbruksareal i aktiv drift. Dei grøne lungene på Isdal og Åse har stor betydning for det stadig veksande regionsenteret frå Knarvik til Alversund, og utgjer viktige område for friluftsliv og rekreasjon. Isdal har allereie FV57 som går gjennom dalen, og me har store utfordringar knytt til støy frå vegen, som er langt over anbefalte grenser for dBA.

Her er det mykje tungtrafikk til/frå Mongstad, og trafikken skapar drønn/vibrasjonar i grunnen, i ei aksellerasjonssone der bilane skal frå 50 km/t til 80 km/t. Støyen slepp ikkje ut av dalføret pga fjellryggar på begge sider. I tillegg til støy vert det svært mykje svevestøv, og trafikken skapar stor visuell forureining (dette vart ikkje betre av at Statens vegvesen har fjerna all kantvegetasjon langs vegen).

Det er viktig å hugse på at det ikkje er lenger enn 50- 60 år sidan Knarvik vart skapt, i det som var utmarka til Isdal og Gjervik. Knarvik si kulturhistorie er knytt til bygdene våre, som har eksistert i hundrevis av år. Me er vant til å planlegge for generasjonar. Både Isdal og Åse er sentrale område, i aktiv drift og med mange fritids- og friluftsaktivitetar.

Dersom ny E39 vert lagt i dagen gjennom Isdal og Åse, vil desse bygdene bli øydelagde for framtid.


I tillegg til blir det historiske sentrum av Alversund ramma. All trafikken frå Radøy, Mongstad og noverande E39 vil bli slusa gjennom gardane her, og støy/støv/trafikkdrønn vil øydeleggje all livskvalitet for oss som bur her. Den vil og redusere kunnskaps-, opplevings- og formidlingsverdien knytt til kulturminna og kulturlandskapet, og friluftlivs- og rekreasjonsverdier for alle som nyttar området.

På Åse går begge traséane tvers gjennom det som er eit av dei største gardsbruka i Alver kommune, og fleire andre nærliggande gardar i dagleg drift. Ein vegtrasé vil pulverisera all framtid for neste generasjon og drifta der. Isdal-Åse vil få sterkt reduserte verdiar for friluftsliv og naturmiljøet omkring gardane.

Verdiar som og er viktige for regionssenteret Knarvik og bustadområda rundt. Vi må ta vare på naturen, vassdraga, kulturminna og den dyrka jorda om verda skal utviklast i ei berekraftig retning.

I desse korona-tider ser me verkeleg kor viktig turstiane i utmarka vår mot Knarvik er, og kor mange som går tur forbi Isdaltunet og Åse. Me håper at politikarane våre som skal velje ny E39, ser verdien av eitbynært landbruk, og at ein ikkje berre kan knuse dei gamle kulturrike bygdene som ligg rundt Knarvik med motorveg.

Me ønskjer ei berekraftig utvikling, der ein tek vare på desse verdiane for framtida.


Val av traséar

Me ønskjer å vite meir om prosessen som ligg bak valet av traséane til E39. Kva er dei viktigaste årsakene til at Isdal-Åse vert utgreia, til tross for så høg grad av konflikt? Er det koplinga mot vegen frå Radøy/Alversundbrua som er årsak? Eller er det ønskje om å få statleg finansiering av tunnel mellom Knarvik og Isdalstø som ligg til grunn?

Til slutt er det jo uansett oss skattebetalarar som får rekninga, om det står Europaveg eller fylkesveg på budsjettet.

Dersom det er tungtvegande årsaker til å leggja E39 gjennom Isdal-Åse, så ber me om at det vert utreia eit nytt alternativ til trasé, som ikkje øydelegg bygdene/gardane for oss og for alle framtidige generasjonar.

Dette kan gjerast ved å leggja vegen i tunell forbi Isdal og Åse, og ikkje slik den no er presentert, tversgjennom vassdrag, dyrka mark, gard og heim.

Me viser til lesarinnleg frå noverande fylkesordførar Jon Askeland og leiar av Alver Senterparti Asbjørn Toft datert 12.04.2017 (sjå vedlegg) med overskrift: «Det er uaktuelt å leggja ny E39 over Åse og Isdalgardane!».

Jon og Asbjørn, kor er dykk no når me treng dykk? Det er no dykk politikarane våre må sørge for at det vert utgreia nordlege alternativ som går i tunell, ikkje ope i dagen!

Den beste løysinga er truleg tunell direkte Knarvik-Hjelmås, med ein arm til Isdalstø. Det er god grunn til å sjå på fleire korridorar og løysingar.

Verdival for framtida

Me fryktar at ikkje-verdisette kvalitetar som landbruk, kulturlandskap, kulturminne, naturverdiar, friluftsliv og livskvalitet vert satt til sides for at fylket/kommunen skal spara pengar, for å få Statens

Vegvesen til å finansiera lokale vegløysingar med ny E39. På Isdal og Åse bur og arbeider det fleire generasjonar dagleg. At silingsrapporten skisserer alternativ som vil endre heile forutsetninga for vidare drift, har stor påverknad på oss alle. Me forvaltar arva etter forfedrane våre gjennom mange generasjonar. Vil neste generasjon på gardane våre kunne bu og ha ei framtid her?

Me saknar og moglegheit for medverknad. Reell medverknad. Eller samskaping som det heiter no. Me får ikkje ein gong informasjon. Og politikarane som me prøver å snakka med kjenner ikkje saka, dei får heller ikkje informasjon.

E39 vert truleg ei av dei største politiske sakene for den nye storkommunen i året som kjem. Saka vil få mykje å seie for omdømmet og identiteten til nye Alver kommune.

Kva slags verdiar skal kjenneteikne Alver?

Det me ber om er at politikarane våre får informasjon, og får sette seg inn i saka no. Me håper at dykk ser verdien av bygdene kring regionssenteret Knarvik, og ønskjer å verne om desse. Til sist er det viktig å sikre at ikkje prosessen/konsekvensutredningane kjem for langt, før ein ser at det må utgreiast fleire alternative traséar for E39, for å sikre den beste samfunnsnyttige løysinga - som óg tek vare på bygdene våre.

På vegne av bygdene Isdal og Åse,

Kjersti Isdal og Arild Aase

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags