Ikkje grunnlag for omfattande utbygging på Flatøy

Av

Alver kommune ønskjer å byggja ut Midtmarka og Rotemyra på Flatøy.

DEL

MeiningarReguleringa som er på høyring, opnar for om lag 3000 bueiningar med sannsynlegvis meir enn 6000 innbyggjarar. Naturvernforbundet Nordhordland kan ikkje sjå at det er gjort heilskaplege demografiske analysar i planframlegget som underbyggjer behovet for ei slik omfattande utbygging.

I SSB si befolkningsframskriving datert 26.06.18 er veksten fram til 2040 berekna til rundt 2500 i Lindås kommune og 3600 i Meland kommune, til saman 6100 innbyggjarar. For Radøy er veksten stipulert til rundt 100. Den samla befolkningsauken i dagens Alver kommune vil dermed bli 6200.

Dette er hovudalternativet til SSB. Mykje tyder på at framskrivinga er for høg. Fødselstalet i Noreg er synkande og ligg no heilt nede på 1,62. Ikkje sidan 1930-talet har fødselstalet vore så lågt. Det lågaste framskrivingsalternativet til SSB med ein samla befolkningsvekst i Alver kommune på 4500 innbyggjarar kan difor vera meir realistisk.

Skal Flatøy ta denne veksten aleine? Kva då med resten av kommunen? Både på Frekhaug og i Knarvik er det stort fortettingspotensiale, i Knarvik sentrum opp mot 2000 bueiningar. Sjølv om Naturvernforbundet har protestert mot det, er det i tillegg opna for minst 500 bueiningar i Lonena. I tillegg kjem større og mindre utbyggingsplanar i andre delar av kommunen.

Med andre ord vil det bli stor overkapasitet i bustadmarknaden i Alver om ein samstundes med utbygginga på Flatøy skal fortetta i Knarvik og Frekhaug pluss sikra vekst i dei ytre og indre bygdene. 3000 bueiningar i Midtmarka kan slå beina under heile fortettinga og vera til skade for eit desentralisert bustadsmønster i Nordhordland.

Planframlegget diskuterer ikkje kva konsekvensar ei utbygging av Midtmarka vil få for bustadsmønsteret elles i Alver og då særleg dei bygdene som ligg lenger vekke frå Knarvik, Flatøy og Frekhaug.

Utbygging av ein samanhengande by vil kunne føra til motsegn frå Fylkesmannen mot utbyggingsplanar på stader som Manger, Austemarka, Alversund, Hjelmås og Lindås fordi den klimavennlege gå- og sykkelbyen, 10 minuttsbyen er målet, i alle fall om byvekstavtalen kjem på plass.

Då forpliktar Alver seg til fortetting i regionsenteret. Dei vidare konsekvensane kan bli ytterlegare sentralisering av desentralisert privat og offentleg tenestetilbod ute i kommunen og gradvis utarming av bygder og lokalsamfunn med middels og lang reiseavstand til regionsenteret, noko som igjen fører til at mange flyttar inn til den nye byen. Ein slik vond sirkel er vanskeleg å koma ut av. Tyngdekrafta til byen blir stor og blir ikkje mindre om det vert opna for ein 10 minuttsbydel på Flatøy.

Naturvernforbundet set seg ikkje imot ei områderegulering av Midtmarka og Rotemyra. Vi meiner likevel omfattande bustadbygging er ein forfeila strategi og at ein i planlegginga heller må framheva og utvikla dei grøne verdiane på Flatøy og Håøya.

Området har store landskapsverdiar og er eit viktig utfartsområde for folk i tettstadene på Frekhaug og i Knarvik. Bygging av bustader i Lonena trur vi vil auka bruken og forsterka verdien. Midtmarka er ein viktig del av opplevinga der ho ligg som ein urørt naturkorridor inn mot Håøya. Tilsvarande verdi har sjøområda og strandsona i planområdet, mykje nytta til sjørelatert friluftsliv.

Flatøy og Håøya har potensiale som ein grøn lunge mellom Frekhaug og Knarvik, eit bynært natur- og friluftsområde midt i smørauget. Tilrettelegging for sjøsport med eit sjøsportsenter meiner vi difor er ein god idé, likeeins tankane om eit regionmuseum. Å opna for mindre bustadfelt og ei viss opprusting av det lokale vegnettet er vi heller ikkje imot, men omfattande bustadutbygging er det ikkje demografisk grunnlag for.

Sats heller på Flatøy som ei grøn lunge i den nye byen.

Jan Nordø,

leiar Naturvernforbundet Nordhordland

Artikkeltags