No blir det skøyteis

Søndag kveld var Atle Bergseth i full gang med å laga skøyteis ved Meland Aktiv.

Søndag kveld var Atle Bergseth i full gang med å laga skøyteis ved Meland Aktiv. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Bana ved Meland Aktiv er klar seinast tirsdag.

DEL

Også ved Nordhordlandshallen i Knarvik er dei i gang med å legga skøyteis på grusbana ved hallen, og håpar å ha den klar til bruk i løpet av tirsdagen.

Ved Meland aktiv er arbeidet godt i gang.

– Om alt går som det skal er det ferdig skøyteis her i alle fall til tirsdag, og kanskje før, seier Atle Bergseth. Skøyteentusiasten og eldsjelen er på plass seint og tidleg for å legga skøyteis så fort langtidsvarselet viser minusgrader.

Søndag 10.30 starta han arbeidet med å sprøyta vatn.

– Eg held på til midnatt. Så er eg på plass at i 6-7-tida om morgonen, fortel Bergseth.

LES OGSÅ: – Ei gåve til Nordhordland

Dette er 15. året han legg is ved Meland Aktiv.

– Første gongen var i 2000, då hadde vi is i 17 dagar, fortel han. I 2010 hadde dei over 90 dagar med is til saman.

– Det er berre eitt av åra vi ikkje har hatt is. Vi skulle hatt ei kunstisbane i Nordhordland, seier han.

– Kva er det som gjer at du tar denne jobben frivilleg år etter år?

– Dei første åra var spanande å sjå om vi fekk det til. Den viktigaste årsaka er nok frå barndommen, fortel han.

– På eit tjern i nærleiken av Slåtthaug der eg vaks opp var det mange aktive skøyteløparar som gjekk. Med ein gong det var mogleg var vi på plass, det var ikkje alltid isen var like sikker, fortel Bergseth.

ELDSJEL: – Eg står mange gonger med tårer i auga og ser på borna som kosar seg på isen, seier eldsjel og skøyteentusiast Atle Bergseth.

ELDSJEL: – Eg står mange gonger med tårer i auga og ser på borna som kosar seg på isen, seier eldsjel og skøyteentusiast Atle Bergseth. Foto:

Han vart veldig interessert i skøyter, og var med på å lage banar og arrangere konkurransar.

– I 2000 var det veldig kaldt rundt juletider, og eg fekk lyst til å prøve å lage is her. Eg fekk låna 250 meter brannslange slik at eg kunne henta vatn frå næraste kum, og sette i gang. Uheldigvis frøys det for meg, fortel Bergseth.

LES OGSÅ: Kunstnarleg takk for stor ryddejobb

Han seier at han neppe hadde sett i gong om han hadde visst kor mykje arbeid det kom til å bli.

– Eg fekk banka laus litt og rista ut av slangene, og fekk knekt dei saman på eit vis opp i ein trillebår. Så gjekk turen inn i dusjen på Sagstad skule der eg sett på varmt vatn for å få tint slangane, minnest Bergseth.

Gleda ungane viser på isen er den største motivasjonen for Bergseth.

– Når eg ser engasjementet og den store gleda ungane har på isen, er det verdt alt arbeidet, seier han.

Eg står mange gonger med tårer i auga og ser på borna som kosar seg på isen

Atle Bergseth, eldsjel og skøyteentusiast

Artikkeltags