(Firda): Natt til torsdag blir E39 stengt på grunn av vegarbeid frå klokka 23.45 til klokka 06.00.
Berre utrykkingskøyretøy får passere. Anbefalt omkøyring er via fylkesveg 13 og fylkesveg 610.
– Vi held på med å setje opp veglys på strekninga Kronborg-Sunde. Det skal leggast nokon trekkrøyr som skal krysse E39 på Bruland og dei eksisterande stikkrennene som er der må bytast ut. Vi har valt å gjere begge deler på same tid, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Arbeidet på E39 ved Bruland i Førde starta på onsdag. Eitt felt blir stengt på grunn av vegarbeidet. Då blir det lysregulering, medan manuell dirigering blir nytta ved behov.
– Når vi kjem til torsdag vert det lysregulering igjen, seier Huseklepp.
Det er mogleg å køyre på strekninga natt til fredag, men også då blir det lysregulering. Natt til fredag skal dei grave opp gangvegen i området.
Fredag skal alt vere ferdig. Då skal det vere fri ferdsel både på gangveg og E39.
Arbeidet som Mesta skal utføre for Statens vegvesen er:
- fjerne gamalt veglys på strekninga Kronborg – Pinndalen
- setje opp 160 nye veglys med 30 meters avstand over ei strekning på 4,5 kilometer
- fjerne ei gamal lågspentline for Sunnfjord Energi og leggje ny line i kabel
- rive den gamle raude løa ved krysset til Sundsdalen

Norled: Varslar redusert kapasitet på sambandet Leirvåg - Sløvåg