I natt: Bil traff fjellveggen på Lindås

DEL

Ein bil køyrde i fjellveggen i 70-sona på Lindås i natt, melder politiet på Twitter. Dei fekk inn melding om ulykka klokka 0418.

Bilen skal ha snurra rundt før den traff fjellveggen. Airbag vart utløyst og ein person var i sjokk etter ulykka.

Det skal ikkje ha vore andre bilar involvert.

Køyretøyet fekk store skader.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags