Dei siste vekene har næringslivsleiarane i dei ytre delane av Gulen ropt ut ei rekkje gongar.

Ei ferje som ikkje går. Ei bru som skulle stengast for vask i eit tidsrom der 20 til 25 vogntog dagleg skal passera. Og lenger inn i fjorden kjempar Karstein Totland i Masfjorden ein relativt einsam kamp for ei bru som staten eigentleg har lova at skal betala seg sjølv. Og politiet? Dei har dei ikkje sett på lange tider.

Næringslivstoppen Stein Inge Larsen spurde retorisk om fylkesadministrasjonen var klar over kva næringslivet i området driv med: – Kva trur dei vi held på med her ute i ytre Gulen? Trur dei vi går rundt og plukkar tyttebær?!

Ordførarane lovar å kjempa, men kan lite anna enn å prøva å påverka.

Næringslivet i Gulen driv med verdsrekordar. Eller et tyttebær med dei store, om du vil. I Sløvåg vert dei enorme havvindturbinane montert. I Skipavika vert det som skal verta verdas mest berekraftige oppdrettsanlegg på land bygd. Berre for å nemna noko.

Om ein legg til alt av planar og ambisjonar på den andre sida av Fensfjorden snakkar me rett og slett om eit av dei aller mest interessante områda i landet for verdiskaping. Skal Norge og verda lukkast med det grøne skiftet, er det faktisk her det skal skje.

Innanfor samferdsle er det mange verdsrekordar som skal slåast her i landet dei neste åra. Men det er ikkje verdsrekordar og signalprosjekt folk og næringsliv i Gulen og Masfjorden etterspør. Det er faktisk heilt ordinære samferdsleløysingar som skal frakta laks, bilar med blålys, industriutstyr over fjorden på ein forsvarleg måte.

På same tid som næringslivet på nordsida av Fensfjorden har skote fart, har det offentlege i stor grad gløymd at området eksisterer. Tidlegare har eg her i avisa skrive om den katastrofalt dårlege politiberedskapen i Gulen. At ein i nesten eit døgn i mai kan stå utan ferje mellom Leirvåg og Sløvåg er heller ikkje betryggande. Nyleg måtte lokalavisa be fylkeskommunen om å snakka med næringslivet i området, for å få ei ordning som var til å leva med når brua over Brandangersundet skulle stengast for vask.

Avisa har òg nyleg omtalt frustrasjonen til taxisjåfør Bente Halsvik, som tidlegare kunne ringa å be ferja mellom Sløvåg og Leirvåg om å venta i fem minutt, om ho hadde med seg ein passasjer på veg til helsetenester i bilen. – Tida då ein kunne ringe og forvente at ferja skulle vente, er over, var svaret frå ferjeselskapet som driv ferja på vegne av det offentlege.

I ei årrekke har lokale politikarar ivra for at vegen som bind industiområda på Mongstad, i Sløvåg og i Skipavika saman med resten av verda, burde få status og standard som ei riksveg. Til døve øyre.

Det er ikkje rart at folk og næringsliv vert frustrerte. Områda nord for Fensfjorden får rett og slett ikkje den drahjelpa dei burde forventa frå det offentlege. I eit område der det vert skapt stadig større verdiar, har det offentlege gjort fint lite for å tilrettelegga.

Det er staten og fylkeskommunen som må på bana for å rydda opp her. Så snart som mogeleg bør politikarar og byråkratar gå i dialog med folk og næringsliv for å høyra kva som er behova og kva som kan gjerast på kort silkt. Det inneber å ha ein plan som gjer at ein slepp å venta nesten eit døgn neste gong ferja streikar. Så snart som råd bør òg fylkesveg 57 omklassifiserast til riksveg, og få den standarden og ferjefrekvensen næringslivet treng. Området rundt Fensfjorden må satsast på.

Det er ikkje distriktspolitikk som trengst i Gulen, men tilrettelegging for at næringslivet skal kunna eta tyttebær med dei store. Utan smålege hindringar.