– I dei verste stormkasta blei mange politistillingar skylt over bord

Kjell-Idar Vangberg, lensmann i Nordhordland.

Kjell-Idar Vangberg, lensmann i Nordhordland. Foto:

Av

– Endeleg, skriv lensmann i Nordhordland Kjell-Idar Vangberg.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Eg synest eg har jobba i motvind sidan politireforma kom rekande og skylde innover Nordhordland. I dei verste stormkasta blei mange politistillingar skylt over bord, og det var til tider ganske nedslåande å vere skipper på det mange av oss tenkte var ei søkkande skute.

  • Dette innlegget blei først publisert på Vangberg sin Facebook-side.

Heldigvis hadde skipperen eit mannskap som haldt stø kurs, og som heile tida har klart å styre klar alle skjera som låg framfor oss.

Etter kvart såg vi land i sikte. Då vinden snudde denne veka og vi fekk flau medvind, kunne vi ankre opp i Nordhordland med betre føresetnader for å kunne levere dei tenesta innbyggjarane våre har krav på.

Politiet i Nordhordland fekk fleire stillingar enn skipperen hadde drøymt om. Året 2021 vil kunne bli eit år der vi endeleg kan oppfylle dei lovnader som ligg i politireforma.

Auka innsats på politipatruljar og førebyggande arbeid i heile regionen, også i meir grissgrendte strøk.

Vi som jobbar som politi i Nordhordland er alle klare at vi er til for våre innbyggjarar. Kvar og ein av oss gjer kvar dag ein stor innsats for at Nordhordland skal vere ein god stad å vakse opp.

Eg er trygg på at dette mannskapet vil kunne føre skuten vidare for fulle seil, og at skipperen ein dag vil kunne gå i land og sei: «Vi klarte det».

Vi slapp å slåst som bikkjer for å få nye stillingar. Det var heldigvis andre som såg at det var riktig å gje vår skute fleire matrosar, og det er eg både glad og takksam for.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken