Gå til sidens hovedinnhold

I dag vil eg skrive litt om ein venn som har gjort meir for sine medmenneske enn dei fleste av oss

Artikkelen er over 1 år gammel

Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Men først, hundar bryr seg ikkje om dei er kvite eller sorte, dei er venner likevel. Eg ser at gutane mine leikar heilt naturleg med alle barn, utan tanke på kva for ein hudfarge dei andre har. Dette er noko vi vaksne skal ha i tankane, for ingen av oss er heilt der.....

Det var derimot min gode venn eg skulle skrive om i dag.

Han kom rekande på ei fjøl frå Stavanger midt på 90-talet, og begynte å jobbe på lensmannskontoret i Knarvik.

Han var engasjert og snakka varmt om førebyggjande arbeid som han hadde jobba med i Stavanger. Eg var etterforskar på min hals den gangen, og hadde eg fått viljen min, hadde eg sat han på fjøla igjen og dytta den tilbake til Stavanger. Stor etterforskar ville han aldri bli.

Heldigvis blei det ikkje slik.

Eg blei venn med denne engasjerte mannen. Det tok lang tid å erkjenne det, men denne mannen har gjort meir for ungdommen i Nordhordland enn nokon andre eg kjenner.

Vi har mange eldsjeler i frivillige organisasjonar som gjer eit fantastisk arbeid. Mange får kulturprisar for sitt arbeid, heilt fortent. Mange politikarar gjer ein fantastisk jobb med å gjere Nordhordland til ein god plass å bu. All honnør til dei.

Mitt forbilde, ja han har på mange måtar blitt det, meiner eg overgår alle desse.

Han har jobba som ein «einsam ulv» med førebyggjande arbeid i alle desse åra. Han har tatt tak i hundrevis av ungdommar som slit. Mange har hatt ein vanskeleg barndom, nokon har begynt å ruse seg, nokon begynte å stele, nokon kom frå andre land og hadde ikkje nokon vaksne å snakke med.

Disse ungdommane eg snakkar om her, hadde derimot noko som andre likestilte rundt i vårt vidstrakte land ikkje hadde. Dei hadde denne engasjerte mannen.

Ikkje berre hadde han engasjement, han hadde også truverdigheit. Barn og ungdom høyrde på ham, og dei trudde på han, og det gav dei håp. Tallause ungdommar og foreldre har komme tilbake og sagt at hadde det ikkje vore for han, så hadde dei ikkje fått eit verdig liv.

Då asylmottaket blei oppretta på Vågseidet, kven var til stades for ungdommane. Sjølvsagt var det folk som jobba der som gjorde ein god jobb, men det engasjementet min gode venn gjorde i denne tida kan ikkje betalast med pengar. Han var som ein far for mange av desse ungdommane som kom til landet vårt utan å ha sine kjære rundt seg.

Denne mannen så også mange ungdommar bli drepne trafikken. Han gjorde noko med det. Han fekk fleire med seg, oppretta eit tverretatleg trafikksikringsutval her i Nordhordland. Dette er unikt på landsbasis, og er noko av det mest vellykka tiltaket som er gjort for trafikksikkerheita. Hans engasjement har «redda» mange ungdommar i trafikken.

Dette er ein vaksen som ikkje ser forskjell på kvit og svart. For han er alle like viktige.

Vi er heldige at fjøla frå Stavanger stranda her i Nordhordland. Eg og mange med meg er stolt av deg, for det du har gjort for våre ungdommar alle desse åra.

Morgan Kane var ein ungdomshelt for oss mange, og Benny Borg laget ein song om han. Dei fleste hugsar refrenget, og eg tillèt meg å skrive det litt om:
«Svein Arne Hatlevik, var hans namn.»

Vi kjem til å sakne deg, når du no snart skal pensjonere deg.

Denne ytringa blei først publisert som eit innlegg på Facebook.

Kommentarer til denne saken