I 2002 bestemte Thomas Hagewick frå Frekhaug seg om at det var på tide å gjere ei endring i livet sitt.

Dette året var han ferdig i behandling på rehabiliteringssenter etter år med rusmisbruk, og no hadde han eit brennande ønske om å snu livet sitt til det betre.

Sjølv fekk han hjelp ut av rusen hjå DreamCenter Bergen, eit kristent rehabiliteringssenter på Holsnøy. Framleis held han på den kristne trua, og deltek i arbeidet deira med å nå ut til rusmisbrukarar på fritida si.

Han er redd vegen tilbake til rusen er kort for dei som ikkje klarar å bli integrert i samfunnet. Derfor har han lagt sjela si i å hjelpe dei som slit.

I årevis har Thomas vore rusfri. No ønsker han tidlegare rusmisbrukarar velkomen i bedrifta si

Publisert