– Sjølv ei ørlita glo kan starta brann

ULOVLEG: Frå og med i dag er det ikkje lov å gjera opp bål nær skog og annan utmark.
 Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

ULOVLEG: Frå og med i dag er det ikkje lov å gjera opp bål nær skog og annan utmark. Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Frå påskeaftan av er det forbode å gjere opp eld nær skog og i annan utmark. Sesongen for grasbrannar er for lengst i gang i Sør-Norge, åtvarar Brannvernforeningen.

DEL

Forbodet gjelder frå 15. april til 15. september.

Mens det i Nord-Norge framleis er vinterlege forhold med snø mange stader, er vegetasjonen i ferd med å tørke opp etter vinteren i Sør-Norge.

– Sjølv om brannfaren utandørs neppe er overhengande nordpå, er sesongen for gras-, kratt- og lyngbrannar for lengst i gang i Sør-Norge. Derfor er det viktig at folk respekterer bålforbodet, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernsforeining.

Blei varsla av nabo om at det brann i pipa deira 

– Når gammalt gras og kvist som ligg på bakken, tørkar opp, kan sjølv ei ørliten glo starte brann, åtvarar han.

Reglane for bålbrenning vart noko endra i fjor. Ei viktig presisering er at bålforbodet gjelder i all utmark. Kommunane kan dessutan fråvike bålforbodet gjennom lokale forskrifter.

– Ved spesielt stor brannfare kan kommunane innføre forbod mot å gjere opp eld i bestemte område også utanfor tidsrommet 15. april–15. september. På den annan side er det tillate å brenne bål der det openbert ikkje kan medføre brann, seier Rolf Søtorp.

Hytte i Lindås totalskadd i brann 

Ifølge regelverket omfattar «å gjere opp eld» meir enn bålbrenning. Blant anna gjelder det eingongsgrillar og såkalla kinesiske lykter, i tillegg til handtering av brannfarleg avfall.

Brannstiftar tatt for toalettbrann på Knarvik VGS 

(©NTB)

Artikkeltags