Kvinne sendt til traumemottak etter kollisjon ved Hylkje

Tre bilar var i ei trafikkulykke på E39 ved Hylkje fredag.

Tre bilar var i ei trafikkulykke på E39 ved Hylkje fredag. Foto:

Ei kvinne sendt til traumemottaket på Haukeland.

DEL

(BA): Klokka 1440 fredag ettermiddag melde politiet at tre bilar har vore involvert i eit trafikkuhell på E39 ved Hylkje.

Uhellet skal ha skjedd like ved avkøyringa til Almåsdalen, melder politiet på Twitter.

– Alle personane er kome seg ut av køyretøya. Alle personane skal vere vakne og bevisste.

Like før klokka 1500 melde politiet at ingen personar har kome til skade i uhellet. Seinare vert det opplyst at ei kvinne vert tatt med til traumemottaket ved Haukeland, opplyser operasjonsleiar, Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Det var mindre materielle skadar, og det vart ingen trafikale problem.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags