No kan du ta knekken på skjeggkre

Mange har opplevd å få desse ufarlege, men ubehagelege skapningane i hus dei siste åra.

Mange har opplevd å få desse ufarlege, men ubehagelege skapningane i hus dei siste åra. Foto:

BOLIG OG INTERIØR: Metoden er nett teken i bruk og skal vere effektiv.

DEL

(Firdaposten) Skjeggkre vart for alvor oppdaga i Norge i 2013, og tal tilfeller har sidan det auka kraftig. Dei er ikkje farlege, men det blir opplevd som ubehageleg å ha dei hus.

Døyr av giftig åte

Utryddingsmetoden ein no har teke i bruk er eit resultat av eit forskingsprosjekt leia av Folkehelseinstituttet og Norsk Hussopp Forsikring. Ved å legge ut forgifta åte i form av små dropar vil skjeggkrea ete middelet og daue i løpet av kort tid. Preparatet er no godkjent av Miljødirektoratet.

– Det kan vere nokre få individ som overlever ei behandling ettersom livssyklusen deira er lang. Men etter seks til tolv veker vil bestanden vere så liten at det ikkje vil opplevast som eit problem, samstundes som spreiingsfaren frå ein liten skjeggkrebestand er låg. Dette er gode nyheiter for skadedyrbransjen og resten av samfunnet, seier fagsjef Øyvind Magerøy i Norsk Hussopp Forsikring, samarbeidspartner til Tryg.

Giftstoffet skal være ufarlig for menneske, men i husholdningar med små barn og dyr vil ein gå varsamt fram og gjerne ta sone for sone i bustaden slik at ein heile tida har frisoner i øvrige rom.

Åte skjeggkre

Åte skjeggkre Foto:

– Vi hadde over tusen skadesaker med skjeggkre i fjor og har registrert ein sterk auke også i år. Men no når vi har ein effektiv metode håpar vi å redusere skadetilfella, seier Magerøy.

Kjem med pappemballasje

Åtepreparatet er ikkje å få kjøpt over disk; ein må kontakte skadedyrselskap. Ein spreier åtet på mange stader i bustaden og fjernar konkurrerende mat, slik at skjeggkrea et åten og dauar. Forsøk har vist at bestanden vert redusert med opptil 90 prosent i løpet av seks til tolv veker, litt avhengig av mellom anna storleiken på bustadens.

– Det har vore eit stort fokus på skjeggkre dei siste åra, ettersom problemet har spreidd seg rekordraskt i heile Norge. Men har du ei god husforsikring som inkluderer råte- og skadedyrforsikring kan du no puste letta ut. Alt tyder på at den nye behandlinga fjernar problemet, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring.

Skjeggkre kjem gjerne inn i bustaden via pappemballasje, pappøskjer, bygningsmaterialar og liknande. Det kan difor vere lurt å unngå å ta slike materialar inn i huset.

Har du skjeggkre i bustaden er det mykje du sjølv kan gjere for å avgrense problemet:

  • Sett ut limfeller for å finne ut kvar dei bur og for å redusere bestanden.
  • Støvsug ofte for å fjerne matrestar og tilgang til mat.
  • Fjerne moglege gøymestader ved t.d. å reparere golvbelegg, lause fuger og tette langs lister.
  • Skjeggkre toler tørrere tilhøve enn sølvkre. Likevel kan reduksjon av fuktige tilhøve i bustaden hjelpe.

Artikkeltags