Enorme forskjellar i kor mykje kommunen krev for å søke byggjeløyve

Lindås er den nest dyraste kommunen å søka byggeløyve. Men dei er langt frå å vera i noregstoppen. Her frå prosjektet i Lonshaugen i Knarvik.

Lindås er den nest dyraste kommunen å søka byggeløyve. Men dei er langt frå å vera i noregstoppen. Her frå prosjektet i Lonshaugen i Knarvik. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Dei dyraste kommunane her i landet krev meir enn tre gonger så mykje som gjennomsnittet berre for å la deg søke om å få byggje hus. Forbrukarrådet er kritisk.

DEL

Norske kommunar kravde i gjennomsnitt 13.699 kroner for å behandle byggjesøknader i fjor. Det er nesten 10 prosent meir enn i 2016, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Statistikken avslører store forskjellar i kor høge gebyr kommunane tar for å behandle søknader om byggjeløyve. Mens du i enkelte kommunar kan søke gratis om å få byggje ein einebustad på opptil 200 kvadratmeter, vil du i andre kommunar måtte ut med fleire titusen kroner, viser ein gjennomgang Forbrukarrådet har gjort av tala som er innrapporterte gjennom Kostra, Kommune-Stat-Rapportering.

– Mange av dei 30 dyraste kommunane ligg i same område, dei er ofte nabokommunar til storbyar og har mange av dei same utfordringane. Likevel er det store sprik i størrelsen på byggjesaksgebyra. Då må vi stille spørsmål ved om dei krev meir enn dei faktiske kostnadene ved behandling av søknaden, seier fagdirektør Anne Kristin Vie i Forbrukarrådet til NTB.

Dei ti dyraste:    
Kommune Pris 2017 Pris 2016
Røyken 46.100 (45.000) 46100 45000
Nittedal 44.050 (49.606) 44050 49606
Hole 41.300 (40.600) 41300 40600
Nedre Eiker 41.004 (3.996) 41004 3996
Lørenskog 38.317 (38.317) 38317 38317
Sørum 38.000 (38.000) 38000 38000
Oppegård 36.228 (36.228) 36228 36228
Rælingen 35.000 (23.200) 35000 23200
Bærum 34.200 (33.600) 34200 33600
Randaberg 34.000 (32.200) 34000 32200
     
Dei ti billigaste:    
Krødsherad 0 (0) 0 0
Tokke 0 (0) 0 0
Vinje 0 (0) 0 0
Dyrøy 1.922 (1.866) 1922 1866
Bindal 2.070 (2.070) 2070 2070
Leka 2.587 (2.587) 2587 2587
Bø 2.743 (3.178) 2743 3178
Utsira 2.832 (2.758) 2832 2758
Hasvik 3.012 (2.924) 3012 2924
Lund 3.030 (2.940) 3030 2940
     
Kommunane i Nordhordland    
Meland 16400 15300
Lindås 16100 15600
Radøy 13100 11000
Gulen 11800 11800
Austrheim 11300 11000
Masfjorden 8500 8100
Fedje 6500 6500

Røyken kommune i Buskerud har tatt over topplasseringa som Noregs dyraste kommune å søke byggjeløyve i. Her må du ut med 46.100 kroner for å få behandla søknaden. I Nittedal, som i 2016 kravde 60.000 kroner for den same tenesta og då var den desidert dyraste kommunen, rapporterte i fjor inn 44.050 kroner.

Den tredje dyraste kommunen er Hole i Buskerud, som krev 41.300 kroner for å behandle ein byggjesøknad for ein einebustad på 200 kvadratmeter.

Artikkeltags