Denne vesle krabaten kan gjera stor skade på huset ditt

Det nyoppdagete insektet trives godt i varme og tette boliger.

Det nyoppdagete insektet trives godt i varme og tette boliger. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Perlekre er i slekt med skjeggkre og sølvkre, og finst truleg over heile landet.

DEL

(Siste) – Tysdag morgon fant vi kreet på ei synfaring i ei leilegheit i Oslo, samtidig som vi oppdaga den i limfeller i forbindelse med ei kartlegging av insekt i eit rekkehus i Bergen. Dette viser at perlekre allereie har spreidd seg og etablert seg fleire stader i landet, seier fagsjef Johan Mattsson i rådgivingsselskapet Mycoteam. 

Ettersom kreet er nyoppdaga veit man ikkje så mykje om det enno, men fordi perlekreet blei funnet i same område som både skjeggkre og sølvkre, antar Mattsson at det minner mykje om dei to beslekta insekta i levemåte og krav til næring og økologiske forhold. 

– Særleg skjeggkre, men og sølvkre kan føra til omfattande problem i bygningar. Vi regnar med at og perlekre kan medføra tilsvarande problem, seier Mattsson til det oppdragsfinansierte nyheitsbyrået Newswire.

Det nyoppdaga insektet har fått namnet perlekre fordi det er karakteristisk perlemoraktig i utsjånad, nesten gjennomsiktig. 

Kreet er mindre enn dei andre krea, berre opp til åtte millimeter, og har lange antenner som er rundt to tredjedelar så lange som kroppen. 

Mattsson trur det nye kreet har eksistert lenge i landet, men at det har vore oversett.

– Fordi det er mindre og meir gjennomsiktig trur eg at både vi og andre har oversett det, men det er ingen tvil om at dette er ein eigen art, seier han. 

Saka held fram under bildet.

Felles for desse insekta er at dei spreier seg raskt og er vanskelege å bli kvitt. Dei elskar norske bustader som er varme og tette, og har tilgang til fukt. 

– Mens sølvkre er enklare å handtera fordi dei ikkje blir så mange og gjerne held seg til éin fuktkjelde i bustaden, som baderommet, spreier skjeggkre seg i heile konstruksjonen. Dei et helst papir, særleg om det er litt gammalt, men lever også av andre, lett fordøybare næringskjelder. Vi antar at perlekre opererer på same vis, seier Mattsson.

I de seinare åra har det vore fleire erstatningssaker kor bustadkjøparar har klaga på skjeggkre i den nye bustaden.

Det var Mattsson sjølv som først identifiserte skjeggkre i Norge for fem år sidan. Bestanden har sidan auka svært kraftig, både geografisk og i talet på skadetilfelle. 

– Sjølv om ikkje krea medfører nokon direkte helsefare, opplever mange det som psykisk terror når det kravlar rundt i huset. Det er lite hyggeleg når sølvkre fyk over baderomsgolvet, men endå verre når liknande kryp tar over heile bustaden, seier han. 

Insektfamilien har vist seg å vera komplisert og krevjande å overvinna fordi dei hovudsakleg held til inne i konstruksjonar, der dei er vanskeleg å oppdaga. 

– Bruk av insektgift på overflater har ingen særleg effekt på krea. Det beste er å avklara relevante bygningsfysiske forhold, som er sjølve grunnlaget for kreas eksistens i bygningen. Ved å kartlegga kor dei held til og legg egg, kan målretta tiltak setjast inn i desse arnestadene. Det kan gje gode resultat. I tillegg vil systematisk fangst med limfeller bidra til å redusera talet på insekt, seier Mattsson.

Perlekre blei skildra første gong på Sri Lanka i 1910. I Tyskland og Austerrike er det dokumentert funn av perlekre dei siste åra, men generelt er det lite informasjon om denne arten. Insektet spreier seg via bagasje eller varetransport, akkurat slik som skjeggkre gjer. 

– No som vi veit at vi har å gjera med tre ulike kreartar, er det enno viktigare å setja i verk ei inngåande kartlegging og vurdering av skadetilfelle. Vi må legga ein plan for korleis vidare vekst av insekta kan førebyggast i Norge, seier Mattsson. 

Forskarane antar at insekt som minner om perlekre, skjeggkre og sølvkre har eksistert på jorda i over 350 millionar år. Dei er dermed godt tilpassa ulike miljø. (ANB)

Fakta om perlekre:

  • Ctenolepisma calva er det vitenskapelige navnet på krypet som ble identifisert for første gang i Norge denne uken.
  • Det nye insektet har ennå ikke fått noe norsk navn, men skadedyreksperter foreslår at det skal hete perlekre. Det er Artsdatabanken som til syvende og sist avgjør hva den nye arten skal hete på norsk.
  • Perlekre kan bli opp til åtte millimeter lang, og er mindre enn sølvkre og skjeggkre. Antennene er dobbelt så lange som kroppen.
  • Man antar at perlekre minner mest om skjeggkre. Det vil si at den først og fremst lever av cellulose og andre organiske næringsstoffer. Den vil trolig innta hele bygningskonstruksjonen, ikke bare våtrom og bad.

Artikkeltags