Gå til sidens hovedinnhold

Fylkesveg vert stengt i ti dagar etter sprengingsuhell

Artikkelen er over 2 år gammel

– Vi er veldig leie oss for at denne hendinga har ført til ulempe for trafikantane. No vil vi i lag med Statens vegvesen bidra slik at brua blir sett i stand så snart som mogleg.

Det seierKommunikasjonsrådgjevar Jarle Hodne i kraftselskapet BKK til NRK Sogn og Fjordane.

Årsaka er at brua ved Krokevatnet på fylkesveg 92 i Sogn og Fjordane er stengt etter eit sprengingsuhell rundt klokka tolv på onsdag. Vegen går mellom Bjordal på Høyanger sørside og Matre i Nordhordland. Ein entreprenør innleigd av BKK skulle gjennomføra ei sprenging i eit steinbrot like ved brua. Sprenginga førte til at større steinar falt ned i vegbana på brua like ved.

Les også

«Det er sårt å verta dolka på denne måten. Du har vore lojal og stilt opp til alle døgnets tider, så skal du få denne igjen»

 

No kan vegen verta stengt i ti dagar.

– Arbeidet var i ferd med å bli avslutta, så det vil ikkje få konsekvensar for det arbeidet vi har ved dammen. Men no skal vi gjera ei undersøking for å finna ut korleis dette kunne skje.

Les også

Slik vil dei bygga ny skysstasjon i Knarvik

 

Kommentarer til denne saken