Gå til sidens hovedinnhold

Høie varslar endringar i nasjonale tiltak til veka

Helseminister Bent Høie (H) opplyser til NRK at det vil bli innført nye nasjonale tiltak i løpet av neste veke med mål om å halde R-talet under 1.

– No har vi eit R-tal på 1,3. Det betyr at smitten aukar veldig raskt. Viss det får lov til å halde fram gjennom mars og april, så vil det få dramatiske konsekvensar for mange menneske som blir alvorleg sjuke og må på sjukehus. Helsetenesta vår vil bli alvorleg overbelasta, seier han til NRK.

Det siste døgnet er det registrert 689 koronasmitta i Noreg. Det er 190 fleire enn dagen før og 348 fleire enn same dag førre veke.

Tidlegare denne veka sa Høie at dei aukande smittetala kan vere starten på ei tredje bølge, og at det derfor truleg ville bli innstrammingar i dei nasjonale tiltaka.

Les også

Flest vaksinar går til Austlandet. Dette synest folk på Lindås om det

Les også

Fedje-ordføraren om vaksinefordeling: – Dei med best kompetanse må bestemme

Kommentarer til denne saken