Trass i press frå bompengepartia i dei to byane, lèt ikkje dei to byrådsleiarkandidatane til Høgre i Oslo og Bergen seg presse til store og omfattande endringar. Men bompengeutgifter har vorte ei belasting for mange, spesielt barnefamiliar, seier byrådsleiarkandidat Eirik Lae Solberg i Oslo Høgre til VG.

Derfor foreslår Oslo Høgre tre timars bompause på ettermiddagane, der ein berre betaler for éi passering. Dette vil gjelde for alle, men ifølgje Lae Solberg er det spesielt barnefamiliar som vil ha størst glede av ei slik ordning.

Les også

Når bompengar er det einaste som betyr noko

– Dei har ofte behov for å hente på skule, køyre heim til middag og så ut igjen for å køyre barna til fritidsaktivitetar eller besøk hos familie, seier Lae Solberg.

Det er berre første passering som skal registrerast, i ein periode på tre timar frå klokka 17 på ettermiddagen.

– Vi vil gi lette til barnefamiliane, og diskuterer gjerne ein «bompengepause» slik Oslo Høgre foreslår. I dag er maksimal mengde passeringar ein betaler for i månaden i Bergen, 60 passeringar. Vi vil at det skal halverast til 30 for familiar med under 700.000 i inntekt, som har heimebuande barn, seier partikollega Harald Victor Hove i Bergen Høgre.