Gå til sidens hovedinnhold

Høgre ønskjer å vidareutvikla TAF-tilbodet

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

På grunn av ein utfordrande økonomisk situasjon må Vestland fylkeskommune spara inn 100 millionar kr kvart år fram til 2024. Fylkesrådmannen har fått i oppdrag å koma med liste over moglege innsparingar på drifta. Kvar kutta skal koma vert så ei politisk avgjerd.

Eit av kuttforslaga er å ta ut TAF (Teknisk Allmenne Fag) tilbodet i vidaregåande skule. Det er forståelig at dette kuttforslaget skapar uro og reaksjonar både i dei aktuelle skulane, blant elevane og ikkje minst i næringslivet. Men at dette tilbodet kjem på ei mogleg kuttliste betyr ikkje at det å kutta tilbodet har tilslutning hjå dei politiske partia og politikarane som skal vedta budsjettet i Fylkestinget.

For å gjera det heilt klart: Vestland Høgre prioriterer svært høgt det å ha eit TAF-tilbod. Vi ønskjer ikkje berre å behalda TAF-tilbodet, men og å vidareutvikla det. Dette har vi programfesta i vårt program for 2019 - 2023. Gjennom yrkesfagløpet får elevane store moglegheiter til å tilegna seg verdifull kompetanse som dei gjev attende til samfunnet. Både elevane, skulane, næringslivet og kommunane er godt nøgd med tilbodet. Desse dyktige fagarbeidarane skapar positive ringverknader både for lokalsamfunnet og næringslivet.

Vestland Høgre går for å behalda og vidareutvikla dette gode tilbodet.

Karl Vågstøl

Fylkestingsrepresentant Vestland Høgre

Kommentarer til denne saken