(BA): Andrea Benedicte Sæle er høggravid, og har termin om to og ei halv veke.

Medan ho ventar, brukar ho all tida si på trening.

Ho er busett på Flatøy, og trenar nesten kvar dag.

Avisa møter henne i crossfit-salen på treningssenteret på Frekhaug.

– Ti repetisjonar, komman!, lyder instruksane fra instruktøren, medan musikken dunkar i bakgrunnen.

Sjå video:

Uroa bestemor

Sæle løftar dei tyngste vektene i rommet, på same tid som dottera Amanda på to og et halvt år spring rundt og driv si eiga treningsøkt.

Ifølgje Sæle spør dottera ofte om dei kan gå på trening.

– For henne er dette som ein leikeplass.

Amanda set seg ned på ein romaskin, og byrjar å ro, med stålkontroll. Det ser ut som om ho aldri har gjort noko anna.

– Bestemor, og andre, seier jo «ikkje løft så tungt», og seier at eg må vera forsiktig. På same tid skryt dei av meg til andre, seier Sæle.

Ho har fått beskjed om at det berre er bra at ho trenar, så lenge det ikkje gjer vondt.

– Før var råda alltid at ein skulle vera forsiktig og halde seg i ro, seier ho.

– Ho er heilt rå

Sæle og Andrine Kvestad Smådal har trent saman i halvanna år.

– Ho er heilt rå, fastslår Smådal.

Ho vert stadig imponert over treningsviljen til Sæle.

– Me pushar kvarandre på trening kvar dag. Ho er eit førebilde, og motiverer oss andre på trening. Eg håpar at eg er like sterk om eg vert gravid, sier Smådal.

– Ein livsstil

Sæle har trent lenge, men starta ikkje med crossfit før to månedar etter at ho hadde fått Amanda.

– Sist gong eg var gravid låg eg berre på sofaen og rørte meg nesten ikkje. Denne gongen har eg ikke hatt nokon plagar, og eg har tid og grunnlag til å prioritera treninga.

Sambuaren hennar trenar òg crossfit, noko som ifølgje Sæle gjer det enklare å halda på motivasjonen.

– Me tar oss heller ei treningsøkt enn å gå på fest. Det er ein slags livsstil, seier ho til BA.

Sæle rosar crossfit-opplegget på Frekhaug.

– Dei er veldig flinke, og legg alltid til rette for alle sine behov. Prinsippet deira er at alle skal få trena, seier ho.

Førre gong Sæle fødte gjekk det fire veker før ho var tilbake på trening.

– Eg er redd for avbrekket. Dei seier jo at ein bør venta opp mot seks veker, men eg håpar å vera tilbake så raskt som mogeleg.

– Ikkje tida for å komma i superform

Vidar Andersen leiar personleg trenar (PT)-utdanninga ved Høgskulen på Vestlandet og forska på effekten av trening. Han applauderer Sæle og andre som er fysisk aktive under svangerskapet.

– Det er gunstig for både mor og barn. Kor mye og korleis ein skal vera aktiv avhenger av kva man er van med før ein vert gravid. Ein kan halda fram med ein relativ høg mengde og intensitet om ein ikkje kjenner ubehag eller anna tilseier at ein burde roa ned, seier Andersen, før han legg til:

– Det er viktig å presisera at svangerskapet er ikkje tida for å komma i superform, men mer å halde formen ved like, eventuelt auke noko om ein ikkje er van med å trena så mykje frå før.

Ofte vert det anbefalt rundt 150 minutt med moderat aktivitet i veka for gravide, men Andersen opnar for både mer og mindre trening ut frå føresetnadane til den enkelte. Han rår til å starte på lett i staden for moderat intensitet.

– Hugs, alt er betre enn ingenting. Om ein startar rolig og det kjennest positivt, så kan ein eventuelt auka mengden og intensiteten gradvis.

Desse musklane bør trenast

Treningsforskaren understrekar at det er viktig å lytta til kroppen.

– Om ein har smerter, ubehag eller manglar energi, kan det vera lurt å rådføra seg med helsepersonell før ein eventuelt startar opp med trening.

Han nemnar bekkenmuskulaturen som ei muskelgruppe som er ekstra gunstig å trena for gravide.

– Dette er musklar ein gjerne ikkje tenker på, men som er viktig å ha fokus på. Dei kan òg trenast sjølv om ein ikkje greier å gjennomføra annan type trening, seier Andersen, og heldt fram:

– Når det gjeld meir tradisjonell trening, vil eg anbefala styrketrening på dei store muskelgruppene, med ekstra fokus på mage- og ryggmuskulatur, samt generell kondisjonstrening.