Hjelp til varekjøp- og levering for korona-utsette

Alver og Austrheim kommune tilbyr handlehjelp til personar som må halde seg heime grunna koronaviruset.

DEL

Det skriv dei i ei pressemelding.

Innbyggjarar kan ta kontakt via e-post, telefon eller skjema på www.alver.kommune.no, så vil frivilligsentralane i Austrheim og Alver, Nordhordland Røde Kors og lokale sanitetsforeiningar handle inn og frakte daglegvarer, apotekvarer og evt. andre naudsynte leveringar.

– Tilbodet gjeld personar som ikkje har naboar, familie eller andre som kan gjere ærenda for dei.

Ein er òg velkomen til å ta kontakt dersom ein treng nokon å snakke med og ønskjer ein lokal ringeven. Her vert ein sett i kontakt med frivillige ringevener frå Nordhordland Røde Kors Omsorg.

Om ein sender førespurnad på e-post, er det viktig at ein får med namn, adresse, telefonnummer og kva ein treng hjelp til.

Alver kommune
E-post: hjelpeinnsats@alver.kommune.no
Telefon: måndag – fredag kl. 11:00–15:00: 56 17 10 77
Skjema på nettside: www.alver.kommune.no/innhald/korona/treng-du-hjelp

Austrheim kommune
E-post: post@austrheim.kommune.no
Telefon: måndag – fredag kl. 08:00–15:30: 56 16 20 00

Artikkeltags