Ras i Lindås

Det har gått eit jordras på fylkesveg 391 mellom Hjelmås og Seim. Ferjestrekninga Leirvåg–Sløvpg er innstilt.

DEL

Det opplyser Vegtrafikksentralen laurdag kveld.

– Det har gått eit betydeleg jordras og er ikkje passasje for store køyretøy. Entreprenøren er på staden, og det er vel den informasjonen me har no, seier Kristian Fauskan i Statens Vegvesen.

Det er ikkje klart når vegen vert opna att, opplyser vegvesenet laurdag kveld.

Sundag føremiddag er det klart at ferjesambandet Leirvåg–Sløvåg er innstilt.


Artikkeltags