Gå til sidens hovedinnhold

Her kjem folk for å sove i fred og ro

30. juli 2020, kl. 19:45

Helene Olli Sollid har mange ballar i lufta, og slappar sjeldan av som eigar av Gripen Gard. Folk frå heile verda besøker garden for å oppleve ei rural tidsreise. Lenge ønskte Sollid å tilby dei besøkande moglegheita til å overnatte i lavvo på den eine øya hennar, Roseholmen. For to år sidan byrja ho med Airbnb-utleige, og allereie er det mange som har vorte fascinert av ei fredeleg natt på Roseholmen.