Her har Tommy Urhaug tatt utfordringa og stilt opp i «ny» idrett: Imponerte med to medaljar

I desse tider skulle Tommy Urhaug ha kjempa i para-OL i Tokyo. I staden imponerte han denne helga i konkurranse med dei beste parasyklistane i landet.

DEL

Tommy Urhaug innkasserte like godt to medaljar i sykkelrittet Norwegian Paracycling Classics, arrangert av Norges Cycleforbund og Kristiansand sykkelklubb. I temporittet vart det sølvmedalje, og i fellesstarten over 30,2 km dagen etter kom han inn på tredjeplass.

Han fortel at det på grunn av skaden i albogen og korona-pandemien til tider har vore vanskeleg å få trent bordtennis.

Utfordra seg sjølv

– Eg bestemte meg for å vera med i sykkelrittet – dels for å prøva noko nytt og utfordra meg sjølv, men også for å få konkurrert litt igjen etter eit langt opphald. Riktignok på ein annan arena, men konkurranse er konkurranse, seier Tommy Urhaug, som er litt overraska – men veldig fornøgd med resultatet.

Tommy har sykla i ein del år, men i år har det blitt ekstra mykje på grunn av skaden han har slite med i albogen.

– Eg har på grunn av skaden brukt handsykling som ein del av opptreninga og for å bygga endå sterkare muskulatur for å kunna tåla bordtennis-treninga, seier Urhaug.

– Ei ny oppleving. Eg er veldig godt fornøgd med debuten. Utruleg artig å få testa dette ut, og ikkje minst sjå korleis utøvarane i andre idrettar jobbar for å prestera, seierbordtennis-esset frå Radøy.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken