Kvar fjerde sjukehustime på Vestlandet blir ikkje brukt

Haukeland sjukehus frå lufta.

Haukeland sjukehus frå lufta. Foto:

Av

I 2019 blir det lansert ei ny dataløysing for å få ned det høge talet.

DEL

I slutten av november hadde sjukehusa i Helse Vest 592.000 ubrukte timar på poliklinikkane, noko som utgjer ein firedel av kapasiteten, skriv Bergens Tidende.

212.000 av dei ubrukte timane skuldast at pasientane sjølve har endra timebestillinga så kort tid i forkant at sjukehuset ikkje har klart å tilby timen til ein annan pasient.

100.000 av dei ubrukte timane er plassert i ein sekkepost for andre grunnar, som at pasienten sjølv meiner problemet er løyst eller at den har fått behandling ein annan stad. 79.000 timar vart ikkje brukt på grunn av sjukefråvær hos personalet.

For å få ned talet på avbestillingar på kort varsel, lanserer helseregionen neste år ei ny dataløysing som gjer det mogleg for pasientane å booke om timen på nett. Ordninga vil i starten vere bortlova til pasientar som kun treng enkelttimar.

Artikkeltags