Mattilsynet fryktar skrantesjuke, har forbode å mate hjort

Hjort, hjortefarm, Even André Grytten, Askvoll.

Hjort, hjortefarm, Even André Grytten, Askvoll. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

HJORT: Mattilsynet fryktar at den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke kan spreie seg når hjortedyr samlast rundt matfatet, og har innført forbod mot mating.

DEL

– Forbodet er innført for å hindre at denne alvorlege dyresjukdommen blir utbreidd i hjortedyrbestanden og tek livet av store mengder dyr, seier seksjonssjef for dyrehelse Anne Marie Jahr i Mattilsynet.

Skrantesjuke er 100 prosent dødeleg for dyra som blir smitta, og det finst ingen vaksine eller behandling. Sjukdommen smittar via spytt og urin og fører til store lidingar for dyr som blir sjuke.

Å samle dyr rundt fôringsplassar aukar smitterisikoen, påpeikar Mattilsynet.

– Mykje snø og minusgradar gjer det vanskeleg for ville dyr å finne mat. Det kan vere freistande å legge ut fôr til dyr, men hugs at du utset dyra for smitterisiko viss du gjer det, seier Jahr.

Det er spesielt risikabelt å legge ut importert fôr fordi det kan vere smitte i fôret, ifølgje Mattilsynet.

I spesielle tilfelle er det mogleg å søkje Mattilsynet om kortvarig fôring av hjortevilt dersom det er konkrete bekymringar for dyrevelferda eller trafikktryggleiken.

– Vi ser at det kan oppstå vanskelege situasjonar for dyr som ikkje finn mat når det er mykje snø. Difor kan vi opne for fôring dersom tilhøva tilseier det, men dette gjeld berre i område der vi ikkje har funne skrantesjukesmitte, seier Jahr.

Artikkeltags