Tolv treningskontaktar utdanna i Radøy: Vil ha fleire i fysisk aktivitet

Av

Dei er nyutdanna treningskontaktar og klare til innsats for dei som har bruk for ein motivator med for å bli meir fysisk aktiv.

DEL

– Det er eit stort behov for fleire treningskontaktar, difor er det supert at det no er gjennomført kurs for å utdanna fleire, seier fagkonsulent i Gunn Hilde Øymo i Hordaland idrettskrets.

Det er idrettsrådet i Radøy, saman med kommunen og idrettskretsen som står bak opplegget.
 

– Eit veldig bra tilbod, her får me mange gode tips for å skapa gode aktivitetar som kan brukast i ulike samanhengar, seier Jarleif Mellingen, ein av dei 12 deltakarane på kurset for treningskontaktar. Han har lang fartstid som målvakt for Radøy sitt A-lag i mange år, og er minst like aktiv no – ikkje minst som eldsjel i boccia-klubben.

 

Går mykje tur


Leif Egil Leonardsen er støttekontakt i dag, og trivst med det.


– Dei som vil ha glede av ein treningskontakt kan vera ein spreking, men dette er like mykje eit tilbod til dei som ikkje er så aktive frå før, seier Leif Egil, som fortel at han som støttekontakt går ein god del tur.
 

– Fin blanding av teori og praksis på kurset, for meg er det mykje nytt å få med meg, seier Iselin Sætran.

– No skal me leika, seier Iselin, klar til litt improvisasjon med trim og trening.

Kursdeltakarane har nettopp vore gjennom ein runde med volleyball – med Kasper Brandt Slettebakken som instruktør, og har tidlegare på dagen vore på skytebana i idrettshallen. Litt av poenget er at deltakarane skal få innblikk i mange av dei aktivitetane som finst i området.

 

Vinn-vinn-situasjon


I alt 12–13 personar har gjennomført kurset for treningskontaktar. Gunn Hilde Øymo seier at målet er å få fleire med ulike utfordringar ut i fysisk aktivitet. Det kan vera folk som slit med psykiske lidingar, rus, og folk med nedsett funksjonsevne, som treng nokon som kan vera med på tur og trening.
 

– Mange synest dette er ein vinn-vinn-situasjon både for treningskontakten og dei som treng å koma seg i aktivitet. Dette tilbodet er folkehelse sett i system, og ein fin måte å bli meir engasjert i lokalsamfunnet, seier Øymo.

Ho legg til at dette treningskontakt-tilbodet er i same kategori som den ordinære støttekontakt-ordninga.

Kurset for treningskontaktar er gjennomført med bidrag frå Gjensidigestiftelsen, Radøy kommune og faglege ressursar frå Hordaland idrettskrets. Dei tolv radværingane som gjennomførte kurset for treningskontaktar er no klare for oppdrag.
 

– No er det opp til kommunen å gjera seg nytte av dei nye treningskontaktane. Dette tilbodet støttekontakt-ordninga, seier fagkonsulent Gunn Hild Øymo i idrettskretsen.

 

Artikkeltags