VG: Pasient fekk seks gonger for høy dose hjartemedisin

– Det er en alvorlig sak fordi den gir uttrykk for manglende rutiner innen et viktig behandlingsområde. Det at man ikke har gode nok rutiner for å behandle en pasient med forvirring utgjør en klar svikt, sier assisterende fylkeslege Sjur Lehmann til VG.  

– Det er en alvorlig sak fordi den gir uttrykk for manglende rutiner innen et viktig behandlingsområde. Det at man ikke har gode nok rutiner for å behandle en pasient med forvirring utgjør en klar svikt, sier assisterende fylkeslege Sjur Lehmann til VG.   Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Både Haukeland og Haraldsplass sjukehus braut loven da ein pasient fekk seks gonger for høy dose med hjartemedisin, og seinare falt ut av ein sjukehusseng.

DEL

Pasienten var innlagt på Haukeland Universitetssjukehus etter å ha snubla heime.

Grunna skadane vart pasienten lovd eit korttidsopphald på sjukeheim. Pasienten var klar for utskriving da Haukeland sjukehus gjorde ein alvorleg feil. Dette skriv VG.

Frå før brukte pasienten hjartemedisinen Tambocor, som personen fekk 100 mg av dagleg. Men i overflyttinga til ortopedisk sengepost vart det notert at pasienten skulle få til saman 600 mg dagleg. Dette er seks gonger så mykje som ein vanleg dose.

Det går fram av ein rapport frå Fylkesmannen i Hordaland, som VG har fått innsyn i.

– Det er ein alvorleg sak fordi den gir uttrykk for manglande rutinar innan eit viktig behandlingsområde. Det at man ikkje har gode nok rutinar for å behandle ein pasient med forvirring utgjør ein klar svikt, seier assisterande fylkeslege Sjur Lehmann til avisa.  

Tar hendinga på alvor

Pasienten vart omsider overført til sjukeheim, og pårørande oppdaga at sjukehuset hadde gitt pasienten for mykje hjartemedisin. På sjukeheimen vart pasienten dårlegare, og deretter innlagt på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

På Haraldsplass klatra pasienten over ein sengehest på sjukehussenga, og falt på golvet. Der vart vedkommande funnet av ein sjukepleiar. Etter fallet var pasienten svært svekka de etterfølgande dagane, før vedkommande døde på sjukehuset.

Kvalitetssjef Stig Harthug ved Haukeland Universitetssjukehus fortel at sjukehuset tar tilsynsrapporten frå fylkesmannen på største alvor.

– Vi beklagar den situasjonen som har oppstått, seier Harthug til VG.

Haraldsplass Diakonale Sykehus skriv i ein e-post at de har tatt grep etter hendinga.

– Saka er under behandling internt, og vi har allereie endra våre rutinar for fallførebygging som følge av denne saka. Vi tar slike saker på alvor og jobbar kontinuerleg med kvalitetsforbetringar til pasientens beste, skriv Åse Nordstrønen, klinikkdirektør ved medisinsk klinikk ved Haraldsplass Diakonale Sykehus til VG.

Artikkeltags