Forskar: Å vere overvektig er ikkje eit helseproblem

Helseforsker mener det ikke er et helsemessig problem å være overvektig. Problemene kommer når man får fedmeplager.

Helseforsker mener det ikke er et helsemessig problem å være overvektig. Problemene kommer når man får fedmeplager. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Overvekt er den nye normalen. – Vi bør kanskje endre BMI-skalaen for å følge utviklingen, meiner forskar.

DEL

– Dette er den standarden vi er vande til, men i dag er det mest normalt å vere overvektig, så det spørs i grunnen om vi må endre standarden, seier Steinar Krogstad til NRK.

Han er leiar av den store helseundersøkinga HUNT som er gjennomført sidan 1984. HUNT 4 kom i gang hausten 2017 og varer til januar 2019.

Sju av ti nordmenn er i dag overvektige. Det betyr at ein har ein kroppsmasseindeks (BMI) på mellom 25 og 30. Har ein over 30, reknar ein det som eit fedmeproblem.

– Folki seier ofte at det som er gjennomsnittleg er normalt, men når det som er normalt har endra seg såpass mykje, så er vi i en spesiell situasjon, seier forskaren.

Ifølge Krokstad så er det ikkje eit helsemessig problem å vere overvektig. Problema kjem når folk får fedmeplager. Då er ein meir utsett for diabetes type 2, slitasjegikt og andre kroppssmerter.

PS! BMI er et uttrykk for vekt i forhold til høgde og er lik vekta delt på kvadratet av høgda. For eksempel vil ein person som måler 1,80 m og som veg 78 kg få BMI på: 78 : (1,8 x 1,8) = 78 : 3,24 = 24,1 kg/m2.

Artikkeltags