Sesongstart for onsdagsturane

Ut på tur: Det er 21 oppsette onsdagsturar kvart år.

Ut på tur: Det er 21 oppsette onsdagsturar kvart år.

Av

Onsdag 29. mars startar dei vekentlege onsdagsturane opp att.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Onsdag 29. mars startar dei såkalla «onsdagsturane» opp med ei gruppe i Masfjorden og ei gruppe i den nye storkommunen pluss Austrheim. Til saman brukar 60–70 nordhordlendingar å vera med på desse turane kvar veke. Då får dei god fysisk aktivitet pluss at dei møter andre kjekke folk som også likar å koma seg «utanfor allfarveg»!

I Masfjorden går første onsdagsturen (29. mars) som vanleg til Melshovden på Sør-Kvingo. Turleiar er Vebjørn Aasgard. Dette er ein lett og fin tur som høver godt som oppstart-tur.

Det same kan ein seia om turen i Lindås som går til Lauvåsvarden med Harry Rosnes som los. Dette er ein tur som dei lokalkjente brukar mykje, men som folk frå andre stader har mindre kjennskap til. Men no har ein sjansen til å bli litt kjent i eit nytt område.

Det er også ein gevinst ein har av å bli med på onsdagsturane: Bli kjent med nye turar og turområde slik at ein kan ta turen opp att seinare på eiga hand, eller saman med familien.

Nordhordland Turlag har som si viktigaste målsetting å få flest mogleg ut på tur, og det er oppsett 21 onsdagsturar kvart år. Alle som er med på minst 15 av desse turane blir premierte ved slutten av sesongen. Då vert det invitert til ein triveleg avslutning på sesongen med god mat og premiering.

Alle som vil koma seg ut i naturen og ta vare på eiga helse, er velkommen til å bli med på turane. Ein treng ikkje vera medlem av turlaget for å bli med, turane er opne for alle.

Programmet for onsdagsturane og turlaget sine mange andre tilbod finn ein på laget si heimeside. Programmet er også trykt i papirutgåve og er å finna på ein del butikkar rundt om. Dessutan vil programmet bli delt ut på turane.

Det er ei glede å kunna ønska velkommen til ein ny onsdagstur-sesong!

Artikkeltags