Forseinkingar i operasjonar og timar

Datatrøbbel i heile Helse Vest råkar pasientar.

DEL

(Firda) I heile Helse Vest er det onsdag formiddag datatrøbbel, noko som råkar alle sjukehusa.

– Det oppstod ein feil med lagring i nitida i dag, seier kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.

Han seier at dei siste opplysningane han har fått er at datasystema vil vere oppe å gå igjen på føremiddagen.

– Dei operasjonane som var i gang når dette skjedde vart fullførte, men planlagde operasjonar vart utsette, seier Ulvedal.

Forseinkinar

– Vi får nokre forseinkingar utover dagen til avtaler og på enkelte operasjonar, men vi ber folk møte til timar som avtalt, seier kommunikasjonsdirektør Bente Aae til Firda.

Ho seier dei er i full gang med å rette opp i feilen, men det krev restart av sørvarar.

– Vi jobbar no med saka og fleire av systema våre er i gang igjen, seier Aae.

Det var NRK som først melde om saka.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags