Dei tyngste soldatane kjem frå bygda

STØRRE PÅ BYGDA: Ungdom på bygdene er større enn ungdom frå fylke med større byar. Det syner fersk forsking.

STØRRE PÅ BYGDA: Ungdom på bygdene er større enn ungdom frå fylke med større byar. Det syner fersk forsking. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Soldatar frå bygda er tyngre enn soldatane frå byen, syner fersk forsking.

DEL

(Firda) Ungdom som bur i fylke langt unna store byar og med få store tettstadar, er oftare meir overvektige enn ungdom frå byen. 

Det syner fersk forsking, som har sett nærmare på gjennomsnittleg body mass index (BMI) på soldatar på sesjon i åra 2014- 2017.  Statistikken, som er henta frå Folkehelseinstituttet, syner prosentvis kor mange ungdommar det er med overvekt/fedme på sesjon.

Tyngst i nord

– Det er ein tendens at bygdefolk er tyngre enn folk i byane, seier John Roger Andersen, som er professor ved senter for helseforsking i Førde, til NRK Sogn og Fjordane.

Dei tyngste soldatane finn vi i Finnmark, der 31,4 prosent av ungdommane på sesjon hadde overvekt/fedme.

Nordland ligg på andreplass på lista der 27,9, hamna i denne kategorien, medan soldatar frå Sogn og Fjordane kjem ut som den tredje tyngste gruppa, der 26.7 av ungdommane på sesjon hamna i gruppa overvekt/fedme.

Tala tek utgangspunkt i BMI- ein til ungdommane på sesjon. BMI er ein formel som tek utgangspunkt i høgda og vekta til folk. Ein BMI under 18,5 blir rekna som undervekt, medan normalvekt er rekna å vere frå 18,5 og opp til 24,9. Har du ein BMI over 25 og opp til 29,9, blir det rekna som overvekt, medan BMI frå 30- 34,9 er rekna som fedme klasse 1.

Undervekt i to fylke

Også overlege Haakon Eduard Meyer ved Folkehelseinstituttet kan vise til tidlegare forsking som syner det same som professor Andersen ser:

– Dette har vi sett over ei rekke år, og i forskjellige aldersgrupper, seier Meyer til NRK.

Artikkeltags