Luftambulansen testar ny hjerneskannar

Ein berbar hjerneskannar er i gang med å testast av Luftambulansen på Vestlandet. Målet er sikrare diagnostikk og raskare behandling av hjerneslag.

Ein berbar hjerneskannar er i gang med å testast av Luftambulansen på Vestlandet. Målet er sikrare diagnostikk og raskare behandling av hjerneslag. Foto:

Av

Ein berbar hjerneskannar er i gang med å testast av Luftambulansen på Vestlandet. Målet er sikrare diagnostikk og raskare behandling av hjerneslag.

DEL

Hjerneskannaren Strokefinder skal etter planen testast på 500 pasientar. I testperioden blir pasientane skanna, men behandlinga blir ikkje sett i gang før dei har vore gjennom CT-undersøking på sjukehus. I lengre perspektiv er håpet at skanning vil gjera at diagnose kan stillast undervegs til sjukehus, riktig behandling veljast og setjast i gang.

– Dersom denne verkar slik vi håpar, kan det revolusjonera hjerneslagbehandlinga. Dette kan bli like viktig for hjerneslag som EKG vart for hjarteinfarkt, seier Øyvind Østerås, avdelingsleiar for akuttmedisin i Helse Bergen til Bergens Tidende.

Kvart år vert 12.000 personar lagt inn på sjukehus med akutt hjerneslag i Norge. I ni av ti tilfelle er det forårsaka av ein blodpropp. Trombolyse kan vera effektiv behandling. Det er derimot viktig å komma raskt i gang, og her kan ein berbar skannar spela ein viktig rolle.

Equinor har bidratt med 2,5 millionar kroner til innkjøp av seks skannarar og er også blitt medeigar i selskapet som står bak Strokefinder.

– Hjerneslag er den mest ­alvorlege sjukdommen vi ikkje kan gjera noko med offshore, seier Atle Houg Ringheim, Equinors sjef for helse og ­arbeidsmiljø på norsk sokkel.

Artikkeltags