Gå til sidens hovedinnhold

Hellbillies og Ingebjørg Bratland får Medaasprisen

Medaasprisen for 2020 og 2021 vert delt ut til kunstnarar som tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og brukar si eiga dialekt, som i Ivar Medaas si ånd.

Utan å gjere stort vesen av det, har ei av landets største stjerner tatt med seg dialekta og folkemusikken inn i eit attkjennande og djupt personleg uttrykk. Slik vert prisvinnaren for 2021, Ingebjørg Bratland, skildra.

– Det seier noko fint om vår tid at Ingebjørg Bratland ikkje treng å forklara eller forsvara seg. Ho er ein unik og uredd artist som hentar inspirasjon frå røtene, seier styreleiar i Medaaspris-komitéen, Solrun Toft Iversen, i ei melding.

Band vinn

Medaasprisen for 2020 går til Hellbillies. Dei var ikkje dei fyrste som song på dialekt. Amerikansk rock og country på dialekt var derimot nybrotsarbeid, står det i pressemeldinga. Bandet vert omtala som eit lysande føredøme for andre norske artistar.

– Dei var dristige. Men med klingande hallingmål og raus musikalitet vann dei heile Noreg. Hellbillies har sunge om folk og omstende vi kjenner oss igjen i. Det er vår norske kvardag, våre hendingar, dei fortel om. Difor fyller Hellbillies like gjerne opp Konserthuset i Oslo som kulturhuset i Mosjøen. Og difor er det så fortent at Hellbillies vert tildelt Medaasprisen, seier Iversen.

Konsert og utdeling av pris

Medaasprisen skal heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me Kari Bremnes, Odd Nordstoga, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Vamp og Lars Lillo-Stenberg.

Det vert prisutdelingskonsert på Den Nationale Scene i desember. I tillegg til prisvinnarane skal ei rekkje andre artistar framføra. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

Kommentarer til denne saken