Gå til sidens hovedinnhold

Helge Thorsen til minne

Det var med stor sorg vi mottok meldinga om at mangeårig rådmann i Meland, Helge Thorsen, var død.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Etter lengre tids alvorleg sjukdom fekk han sovna inn i heimen med sine nære og kjære rundt seg om kvelden 22. mars, 73 år gammal.

Det var nok enkelte i kommunestyret i 1975 som såg med skepsis på at ein ung bergensar, som også var nyutdanna jurist, skulle tilsetjast som formannskapssekretær. Men dåverande ordførar, Johannes H. Fosse, hadde tru på denne byguten, og det skulle visa seg å vera eit klokt og godt val for Meland kommune!

Gjennom 35 år hadde Helge Thorsen det administrative ansvaret i kommunen. Desse åra er prega av ei rivande utvikling med sterk folketalsauke og med det ei ung befolkning. Dette stiller stadig nye krav til kommunen, som tilretteleggar for alle innbyggjarane og for næringslivet, med infrastruktur og tenestetilbod.

Politikarane vedtok planar og løyvde pengar, og administrasjonen si oppgåve var å sørga for å få dette sett ut i livet på ein så god måte som mogeleg. Dette gjorde Helge Thorsen på glimrande vis: Godt samarbeid med den til ei kvar tid politisk leiing og evne til å skaffa seg solide og gode medarbeidarar på dei ulike områda er viktige stikkord her.

Desse åra arbeidde kommunen med tiltak på fleire område som gjorde kommunen kjent langt utover kommunen sine grenser. Som rådmann var han godt kjent i tidlegare Sosialdepartementet, der han vart sett på som ein rådmann som ville ha utvikling for alle.

Det er ikkje tvil om at leiarskapen hans vart sett stor pris på av dei tilsette. Helge Thorsen hadde ein integritet og ei etisk rettesnor som han også la vekt på i krava til dei han var sett til å leia. Men han sette seg ikkje på ein pidestall og såg nedover. Til lunsjpausen kom han på kloggene sine med knekkebrøda i matpakka, og sette seg ned der det var plass.

Levande interessert som han var i mangt og mykje, var det aldri vanskeleg å finna samtaleemne.

Båtliv og hobbysnikring, matlaging (han laga t.d. sin eigen lutefisk) og reiser, alle slags kulturinteresser både frå inn- og utland, ALT fenga Helge Thorsen. Og han var skikkeleg «frankofil», anten det var snakk om reiser rundt om i Frankrike, fransk mat og drikke, eller franske bilar!

Helge Thorsen var ekte samfunnsengasjert. Difor fekk han også mange tillitsverv, som styret i Sparebanken Vest og i Næringsmiddeltilsynet, for å nemna nokre. Dei seinare åra har han saman med broren Thor lagt ned eit stort og viktig arbeid med å få fram historia til Flatøy flystasjon, der den første sivile flyrute mellom Bergen og Stavanger starta i 1920 og der Marinens Flyvevæsen bygde opp den militære sjøflybasen bl.a.

Dei to brørne hadde mange foredrag rundt om fram til sjukdom sette ein stoppar for dette.

Vi er leie for den brå slutten du fekk som rådmann i 2010, Helge Thorsen, men svært glade og takksame for din iherdige innsats for å gjera Meland til «eit samfunn for alle»!

Vi sender våre varme tankar til Marit og Erlend og familien elles.

Fred over minnet ditt, gode rådmann!

På vegner av politikarar, medarbeidarar og vener.

Kommentarer til denne saken