Gå til sidens hovedinnhold

Heldt fartskontroll i morgontimane

Ved Eknes, på E39 i Alver kommune, heldt UP ein fartskontroll søndag føremiddag. Kontrollen blei gjennomført i 70-sona på staden.

Den høgaste farten blei målt til 80 kilometer i timen, og det blei delt ut to forenkla førelegg.

– Patruljen melder om fin køyring, skriv politiet på Twitter.

Seinare på føremiddagen var UP stilt opp til fartskontroll i 80-sona i Romarheimsdalen, på E39.

– Fire forenkla førelegg utferdiga.

Den høgaste farten blei målt til 114 kilometer i timen.

Kommentarer til denne saken