– No er det planlagt for innsats i to veker, men perioden med vakthald kan bli både lengre og kortare. Det veit vi foreløpig ikkje, seier stabssjef i Vest politidistrikt Gustav Landro til Nordhordland klokka 16:33 søndag.

Tidlegare på dagen søndag, blei det kjent at politiet hadde fått godkjent søknaden om bistand som dei hadde sendt til Forsvaret, og at Heimevernet ville ta over vakthaldet på Mongstad og på Kollsnes i Øygarden.

Etter å ha sete i møte med Heimevernet for å avklare detaljane i opplegget søndag ettermiddag, kunne Landro stadfeste at Heimevernet vil vere på plass ved anlegga allereie måndag føremiddag.

– Heimevernet kjem til å handle på vegner av politiet og ha avgrensa politimyndigheit. Dei vil vere væpna, og vil følge politiet sin våpeninstruks.

Det betyr at Heimevernet har fått myndigheit til å halde att personar, og bruke makt for å utføre oppdraget sitt. Samtidig som det betyr at dei vil ha same reglar for våpenbruk som politiet sjølv har.

Heimevernet opplyser i ei pressemelding at dei vil bidra med forsterka vakthald og patruljering ved petroleumsanlegg i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 har territorielt militært ansvar i Vestland fylke, og er eit av tre distrikt som er kalla ut.

Oppdraget skjer etter bistandsanmodning fra politiet.

Kor store styrker heimevernet vil sette inn på Mongstad, kan ikkje Landro kommentere. Det han derimot kan seie, er at lokalbefolkninga vil legge merke til dei.

– Dei vil halde vakt og ha observasjonspostar både inne på og utanfor anlegget: til dømes på sidevegar.

Vidare fortel han at det er viktig at dei lokale steller seg til Heimevernet, som om dei skulle hatt på politiuniform.

– Kvardagen til folk skal ikkje bli nemneverdig påverka av dette, og ein treng ikkje unngå spesielle aktivitetar i området. Men: Vi veit at det er jaktsesong, og dersom du har hjortevald inn mot anlegget og skal jakte, så bør du ha dialog med vaktene på staden om det.

Nord Stream

Fredag ettermiddag sette politiet i verk tiltak rundt og på industriområdet på Mongstad. Avgjersla kom etter fleire dagar med opptrapping av sikkerheitssituasjonen ved norske olje- og gassanlegg.

Opptrappinga tok til etter at det oppstod fleire lekkasjar på gassleidningane Nord Stream 1 og 2 i Austersjøen, som fleire nordiske statsleiarar mistenker at skuldast sabotasje.

Fredag stadfesta lokalt politi til Nordhordland at dei etterforskar ein droneobservasjon over forsyningsbasen på Mongstad, natt til fredag.

Seinare på dagen trappa både politiet og forsvaret opp sitt nærvær rundt norske olje- og gassanlegg, inkludert Mongstad. vakthaldet skal ikkje skuldast spesifikke truslar mot anlegga, men ordre frå høgare oppe i statsapparatet.

Frigjere ressursar

Det var laurdag føremiddag at Landro avslørte, i eit intervju med Nordhordland, at politiet hadde sendt ei «bistandsanmodning» til Forsvaret, der dei bad om hjelp til vakthald ved Mongstad og Kollsnes, i tilfelle behovet av eit slikt vakthald skulle bli langvarig.

– Det ligg i korta at dersom vi skal gjere dette over tid, så må vi ha hjelp av andre. Difor går det føre seg no samtalar og planlegging av korleis vi kan få hjelp av Forsvaret, sa Landro til NH då.

Han fortalde og at politiet ikkje manglar ressursar som følge av vakthaldet no, og at ønsket om at Forsvaret skal ta over den fysiske sikringa handlar om å frigjere ressursar til etterretning og sikre seg i tilfelle eit langvarig behov for vakthald.

– Dersom vi får hjelp så vil vakthald, sjølv over lang tid, ikkje gå nemneverdig utover andre prioriterte oppgåver, seier han.