Det er tid for Heimevernet si årlege trening i Gulen og Masfjorden. Frå måndag 2. mai til og med fredag 6. mai vert det øving, i hovudsak i Gulen og Masfjorden.
– Det kan innebera at militært personell er synleg til stades i lokalsamfunnet, langs vegkantar og knutepunkt, opplyser kaptein og områdesjef Thor Arne Adiego.
Mannskapa kjem til å bera våpen og lausammunisjon. I periodar vil det vera øvingsaktivitet kor lausammunisjon kan verta nytta, noko politiet vert oppdatert på.
Denne veka vert det aktivitet på skytebana på Haugsdal i Masfjorden, dessutan Nyborg skytebane og Oppedal/Brekke sine baner i Gulen.
Adiego ber publikum om ikkje å ferdast i desse områda i perioden.
– Følg skilt og eventuelle oppmodingar frå militært personell i følge med øvingsaktiviteten, opplyser han.