– Den russiske angrepskrigen i Ukraina har ført til den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen på fleire tiår.

Slik opna Statsminister Jonas Gahr Støre Regjeringa sin pressekonferanse måndag kveld.

Bakgrunnen for pressekonferansen er at Forsvaret frå 1. november skjerpar den militære beredskapen i Norge. Det er det regjeringa som bestemt, etter råd frå forsvarssjefen.

– Det har ikkje skjedd noko dei siste dagane som gjer at vi gjer dette akkurat no, det er ei opptrapping over tid som er årsaka.

Ulik arbeidskvardag

For personellet i Forsvaret betyr dette at arbeidsoppgåver og aktivitet vil bli endra, i tråd med omprioriteringane som blir gjort i samband med det høgare nivået av beredskap.

– Forsvaret går no over i ein ny fase i vårt planverk, for å vere i best mogleg stand til å støtte sivilsamfunnet ved behov og vere budd på å vareta vår viktigaste oppgåve, sa forsvarssjef Eirik Kristoffersen på pressekonferansen.

– Alle omprioriteringane Forsvaret gjer, skal vi gjere saman med våre allierte, og vi skal vere budd på å stå i det over tid. I Forsvaret planlegg vi no å stå i denne situasjonen i minst eitt år. Vi har eit tett og godt samhald med våre allierte og våre forpliktingar til Nato skal vidareførast gjennom godt og tett samarbeid, sa han.

Vakthald held fram

Dei siste vekene har uniformerte soldatar frå Heimevernet stått for sikkerheita på ei rekke norske olje- og gassanlegg, deriblant på Mongstad.

Opptrappinga tok til etter hendinga, som blir rekna som eit truleg sabotasjeangrep mot gassrøyra Nord Stream 1 og 2 i Austersjøen.

Måndag melder Regjeringa at dette vakthaldet vil halde fram.

– Forsvaret har dei siste vekene vore meir til stades og auka patruljering rundt kritisk infrastruktur i Nordsjøen. Heimevernet vil halde fram med å beskytte kritisk infrastruktur på land, som bistand til politiet, melder regjeringa i ei pressemelding.

Stabssjef Gustav Landro i Vest politidistrikt fortel at dei foreløpig ikkje har fått nokon ny beskjed om vaktsituasjonen etter pressekonferansen i dag.

– Det vi veit er at Heimevernet skal assistere oss fram til 7. november. Utover det ventar vi på vidare beskjedar, seier han til Nordhordland.