Då det vart oppdaga lekkasjar frå gassrøyrleidningar i Østersjøen i slutten av september, bad politiet Heimevernet om hjelp til å stå vakt ved petroleumsanlegg på land.
I utgangspunktet skulle dei passa på i 14 dagar, men perioden har vorte forlenga fleire gongar.
Denne veka har heimevernssoldatane kunna reisa heim att til kvardagen, og ta av seg uniforma.
− Politiet bad tidleg om støtte frå Heimevernet. Dette vart gjort for å sikra ein best mogeleg beredskap i ein uoversiktleg situasjon, sjølv om det ikkje låg føre nokre konkrete truslar mot norske olje- og gassinstallasjonar, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.
Ho forklarar at sjølv om trusselnivået ikkje er endra, har ein betre oversikt, som gjer at politiet ikkje lenger har same behov for hjelp til vakthald frå Heimevernet.
Politiet, Forsvaret og petroleumsnæringa samarbeider vidare, for å sikra at ein raskt kan fanga opp endringar i situasjonen.
− På vegner av politiet vil eg takka for innsatsen og for godt samarbeid med Forsvaret. Politiet vil halda fram med auka patruljering i tilknyting til utvalde objekt, og Heimevernet kan raskt setjast inn att dersom situasjonen krev det, seier Bjørnland.

I all hast bytta Robin ut spikarpistolen med våpen og uniform
